Chris Thomas
Chris Thomas (fødd 13. januar 1947) er ein engelsk plateprodusent som har arbeidd mykje med The Beatles, Pink Floyd, Procol Harum, Roxy Music, Badfinger, Elton John, Paul McCartney, Pulp og The Pretenders. Han produserte òg gjennombrotsalbuma til The Sex Pistols og INXS.
Chris Thomas | |||
Fødd | 13. januar 1947 (77 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | London | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1967– | ||
Instrument | gitar, tangentinstrument, cembalo | ||
Plateselskap | EMI | ||
Verka som | musikkprodusent, komponist |
Thomas starta karrieren sin som assistent ved AIR Studios, eigd av Beatles-produsent George Martin, og deltok på innspelinga av The Beatles i 1968. Det første albumet han produserte aleine var The Climax Chicago Blues Band av Climax Blues Band same året.
Procol Harum vart det første bandet Thomas arbeidde fast med, og sidan Roxy Music.
I 1973 miksa Thomas Pink Floyd-albumet The Dark Side of the Moon. I 1994 hjelpte han Gilmour med å mikse Pink Floyd-albumet The Division Bell (1994) og var òg medprodusent i lag med Gilmour på soloalbumet hans On an Island (2006).
Thomas produsert tre album for Badfinger på midten av 1970-åra og i 1976 vart han beden av Malcolm McLaren om å produsere debutsingelen til Sex Pistols, «Anarchy in the UK».
I 1985 var Thomas medverkande til gjennombrotet til det australske bandet INXS og han hjelpte same tiåret Chrissie Hynde og produserte The Pretenders sitt første album. I 1990-åra produserte han Pulp-albumet Different Class, som han reknar som eit av dei beste albuma han produserte.
Produksjonsarbeid
endreAlbum produsert eller miksa av Thomas:
- 1968: The Climax Chicago Blues Band av Climax Blues Band, The Beatles av The Beatles
- 1969: Climax Blues Band Plays On av Climax Blues Band
- 1970: A Lot of Bottle av Climax Blues Band, Home av Procol Harum
- 1971: Tightly Knit av Climax Blues Band, Mick Abrahams av Mick Abrahams
- 1972: Some People Will Drink Anything av Christopher Milk, At Last av Mick Abrahams Band, The Dark Side of the Moon av Pink Floyd (miks), tangentspelar på - Son Of My Father Chicory Tip
- 1973: For Your Pleasure av Roxy Music, Stranded av Roxy Music, Grand Hotel av Procol Harum, Paris 1919 av John Cale, Ass av Badfinger
- 1974: Badfinger av Badfinger, Wish You Were Here av Badfinger, Exotic Birds and Fruit av Procol Harum, Kurofune (aka Black Ship) av Sadistic Mika Band, Country Life av Roxy Music
- 1975: Siren av Roxy Music
- 1976: Viva! av Roxy Music, Let's Stick Together av Bryan Ferry
- 1976 Full House av Frankie Miller
- 1977: Hurt av Chris Spedding
- 1977: Never Mind the Bollocks av Sex Pistols
- 1978: Power in the Darkness av Tom Robinson Band
- 1979: Back to the Egg av Wings
- 1980: Pretenders av The Pretenders; Empty Glass av Pete Townshend
- 1981: Pretenders II av The Pretenders, The Fox av Elton John
- 1982: All the Best Cowboys Have Chinese Eyes av Pete Townshend, Jump Up! av Elton John
- 1983: Too Low for Zero av Elton John
- 1984: Hysteria av The Human League
- 1984: Learning to Crawl av The Pretenders; Breaking Hearts av Elton John
- 1985: Listen Like Thieves av INXS; White City av Pete Townshend
- 1987: Kick av INXS
- 1988: Reg Strikes Back av Elton John; Live Nude Gitars av Brian Setzer
- 1989: Sleeping With the Past av Elton John
- 1990: X av INXS
- 1992: The One av Elton John
- 1994: Last of the Independents av The Pretenders, The Lion King filmmusikkalbum, Jewel av Marcella Detroit, The Division Bell av Pink Floyd (miksing)
- 1995: Different Class av Pulp
- 1996: Filthy Lucre Live av Sex Pistols
- 1997: The Big Picture av Elton John
- 1998: This Is Hardcore av Pulp
- 1999: Run Devil Run av Paul McCartney
- 2001: Or8? av Hoggboy
- 2004: How to Dismantle an Atomic Bomb av U2
- 2006: On an Island av David Gilmour; Razorlight av Razorlight
- 2010: Serotonin av Mystery Jets
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Chris Thomas (record producer)» frå Wikipedia på engelsk, den 26. mai 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: