Månane til Pluto

(Omdirigert frå Plutomånane)

Plutomånane er dei naturlege satellittane til Pluto; so langt er det fem kjende. Kharon er den største av dei og er samanlikna med planeten han krinsar rundt den største i solsystemet. Dei fire andre månane, Styx, Nix, Hydra og Kerberos, er mykje mindre.

Hubble-bilete av Pluto og dei tre største månane

Pluto sitt satellittsystem endre

 
Banane i Pluto-systemet som sett ifrå jorda kalkulerte utifrå oppdagingsbileta til dei ytre månanene (Hydra (P1) og Nix (P2)).

Den inste månen, Kharon, blei oppdaga av James Christy den 22. juni 1978, nesten eit halvt hundreår etter Pluto. To månar i det ytre av systemet blei fotografert av Hubble Space Telescope Pluto Companion Search Team den 15. mai 2005 og so funne på bilete frå juni 2002. Med banane bekrefta fekk månane endelege namn: Hyda (Pluto III, tidlegare kjend som S/2005 P 1) og Nix (Pluto III, tidlegare kjend som S/2005 P 2). Namna blei valde delvis av di initialane deira, NH, tilsvarar dei til romsonden New Horizons som passerte systemet i 2015. Vidare observasjonar av Hubble blei gjorde i februar og mars 2006. Gitt kor følsamt Hubble-teleskopet er, og det at heile regionen der gravitasjonsfeltet til Pluto dominerer har blitt fotografert, er det ikkje forventa at Pluto har fleire månar større enn 12 km dersom dei har same albedo som Kharon eller opptil 40 km dersom dei er so mørke som dei mørkaste Kuiperbelte-objekta. Mogelegheita for eit ringsystem rundt Pluto laga av nedslag på dei mindre månane vil bli undersøkt ved hjelp av data frå New Horizons-sonden.

Pluto og Kharon har blitt kalla ein dobbelplanet sidan Kharon samanlikna med Pluto har halve diameteren og ein åttande del av massen. Kharon er så massiv samanlikna med Pluto at Pluto går i bane rundt systemets barysenter (massesentrum) som ligg litt over overflata til Pluto. Kharon og Pluto har bunden rotasjon, sånn at dei alt viser dei same ansikta til kvarandre,

Tabell over dei kjende månane endre

Plutomånane er opplista her etter baneperiode, ifrå kortast til lengst. Pluto og Kharon er dei einaste objekta i Pluto-systemet som er massive nok til å oppretthalda sfæriske (runde) former. Pluto har blitt tatt med for samanlikning sidan han krinsar om eit punkt utanfor han sjølv (barysenteret).

Merknadar:
Data frå Buie & Grundy
Namn Bilete Snittdiameter (km) Masse (×1021 kg) Store halvakse (km) Omløpstid (dagar) Eksentrisitet Banhelling i forhold til Pluto-ekvator Oppdaging
Pluto   2390 2306 ± 20 13,05 ± 0,07 2390 6,387230 1930
Pluto I Kharon   1212 1207 ± 3 1,52 ± 0,06 19 571 ± 4 6,387230 0,00° ± 0,014° 1978
Pluto V Styx   2012
Pluto II Nix   46-137 < 0,002 48 675 ± 120 24,856 ± 0,001 ~0 (0,2% ± 0,2%) 0,04° ± 0,22° 2005
Pluto IV Kerberos   31 km ? ~59,000[1] 32.1[1] ~0[1] ? 2011
Pluto III Hydra   61-167 < 0,002 64 780 ± 90 38,206 ± 0,001 0,5% ± 0,1% 0,22° ± 0,12° 2005
 
Samanlikning av størrelsane og fargane i Pluto-systemet.

Då Hydra blei oppdaga var han noko lysare, og det blei derfor trudd at han var 20% større; men seinare observasjonar viser at dei er omtrent identiske i lysstyrke. Sannsynlegvis skuldast endringa i lysstyrke variasjonar i lyskurva til Hydra, men om dette skuldast ei irregulær form eller variasjonar i lysstyrken til overflata (albedo), er ukjent. Diametrane til objekta kan bli estimert utifrå dei antekne albedoane, og estimata ovanfor tilsvarer ein albedo på 35%, lik Kharon. Månane kan vera så store som 130 km om dei har ein albedo tilsvarande dei mørkaste kuiperbelte-objekta (4%). Likevel er det grunna fargen og den antekne likskapen til Kharon i kjemisk samansetnad mest sannsynleg at albedoane deira òg liknar på den til Kharon og estimata med dei lågaste størrelsane ligg nærast verkelegheita.

Resonansar og opphavet til Pluto-systemet endre

Ein har mistanke om at satellittane i Pluto-systemet blei til under ein massiv kollisjon mykje lik den samanstøyten som ein antek skapa jorda sin måne. I begge tilfella kan det vera at det høge vinkelmomentet til månane berre kan forklarast utifrå eit slikt scenario. Dei nesten sirkulære banane til dei mindre månane kan tyda på at dei òg blei danna i denne kollisjonen snarare enn at dei er innfanga kuiperbelte-objekt.

 
Danninga av plutomånane. Nummer ein viser eit Kuiperbelte-objekt (KBO) som nærmar seg Pluto. Nummer to viser at KBOen slår ned i Pluto. Nummer tre viser ein støvring under danning rundt Pluto. Nummer fire viser at lausmassane samlar seg til Kharon. Nummer fem viser at lausmassane har samla seg til Kharon og at både Pluto og Kharon har blitt sfæriske.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Lakdawalla, E. (20. juli 2011). «A fourth moon for Pluto». Planetary Society weblog (på engelsk). The Planetary Society. Arkivert frå originalen 1. april 2012. Henta 5. august 2011. 
Solsystemet
 SolaMerkurVenusMånenJordaPhobos og DeimosMarsCeresAsteroidebeltetJupiterMånane til JupiterSaturnMånane til SaturnUranusMånane til UranusMånane til NeptunNeptunMånane til PlutoPlutoKuiperbeltetDysnomiaErisDen spreidde skivaOortskya
Sola · Merkur · Venus · Jorda · Mars · Ceres · Jupiter · Saturn · Uranus · Neptun · Pluto · Eris
planetar · dvergplanetar · månar: Månen · marsmånar · jupitermånar · saturnmånar · uranusmånar · neptunmånar · plutomånar · erismånen
smålekamar:   meteoroidar · asteroidar/asteroidemånar (asteroidebeltet) · kentaurar · TNO-ar (kuiperbeltet/den spreidde skiva) · kometar (Oortskya)
Sjå òg himmellekamar, liste over lekamar i solsystemet, sorterte etter radius eller masse, og temasida om solsystemet