Urinsyregikt

(Omdirigert frå Podagra)

Urinsyregikt, ekte gikt eller berre «gikt» er ein stoffskiftesjukdom som kjem av for høg konsentrasjon av urinsyre i blodet. Når syrekonsentrasjonen blir for høg løyser ho seg ikkje opp slik ho skal, og dannar i staden krystallar. Desse kan leggja seg i ledd eller under huda. Ei vanleg form for urinsyregikt er podagra, når krystallane legg seg i stortåledd.

Urinsyregikt

Kunstnarisk framstilling av korleis urinsyregikt smertefullt «bit» i foten.
Medisinsk namnarthritis urica
Klassifikasjonar og ressursar
ICD-9-kode:274.00 274.1 274.8 274.9
ICD-10-kode:M10
ICPC-2:T92
OMIM138900
DiseasesDB29031
MedlinePlus000422
eMedicineemerg/221 med/924 med/1112 oph/506 orthoped/124 radio/313
MeSHD006073
MeSHD006073
Kronisk urinsyregikt kan gje knutar, tofi, som her på eit kne.

Skildring endre

Urinsyregikt kan utarta på ulike måtar. Den mest vanlege er gjentekne åtak som gjer ledd raudt, varmt, oppsvulma og sårt, ofte med sterk smerte. Vanlegvis får berre eitt ledd åtak. Rundt halvparten av tilfella finn stad ved rota av stortåa.

Betennelsesreaksjonen som urinsyrekrystallane fører med seg gjer at pasienten føler seg sjuk, ofte trøytt, med høg feber, kvalme og sveitte. Eit åtak som ikkje får behandling kan vara nokre dagar eller veker. Det varierer kor ofte ein får åtak, frå månader til fleire år.

I nokre høve, særleg ved langvarig sjukdom, kan ein få urinsyreavleiringar i underhudsvev. Dei dannar små knutar kalla tofi.

Sjukdommen kan påvisast ved å undersøka om det finst karakteristiske urinsyrekrystallar i væske frå leddet. Væska vil òg ha høgt innhald av kvite blodceller.

Årsaker endre

Urinsyregikt kan oppstå om nyrene skil ut for lite eller for mykje urinsyre, om urinsyra ikkje blir skilt ut i tilstrekkeleg grad i urinen, eller ein kombinasjon. Tilstanden kan skuldast arvelege tilhøve ved stoffskiftet eller dannast som biverknad av visse legemiddel eller som følgje av sjukdommar eller skader. Kosthald og plutseleg avmagring kan også medføra urinsyregikt.

Ein skil mellom primær urinsyregikt, som oppstår åleine, og sekundær urinsyregikt, som oppstår i samband med ein annan tilstand, som nyresjukdom, blodkreft, nokre former for blodmangel og søvnapné. Ytre tilhøve som cellegiftbehandling, kraftig avmagring eller diaré kan også gje tilstanden. Ofte er det likevel vanskeleg å påvisa ein direkte årsak til urinsyregikt.

Menn har mykje større risiko for å utvikla tilstanden enn kvinner. Hjå menn kan han vanlegvis utviklast etter fylte 40, hjå kvinner etter menopause. Ofte vil dei som lid av sjukdommen vera noko overvektige.

Urinsyregikt har historisk vore kjend som ein «rikmannssjukdom» fordi tilstanden ofte er knytt til (relativt høge) inntak av alkohol, fruktsukker, kjøt og sjømat — ein livsstil knytt til rikdom. Kjøt og sjømat inneheld purin, som blir brotne ned til urinsyre i kroppen (syra høyrer til også denne gruppa). Ein trudde lenge at eit høgt inntak av purinhaldige grønsaker kunne ha samanheng med utvikling av sjukdommen, men dette har vist seg å ikkje stemma.

 
Denne vitseteikningen frå 1783 gjer narr av William Buzaglo, som hevda han kunne kurera urinsyregikt utan bruk av legemiddel. I dag vil mange gå med på at trening kan hjelpa til med å forhindra sjukdommen.

Tiltak endre

Ein kan førebygga utvikling eller anfall av urinsyregikt ved å unngå overvekt og ha eit lågt inntak av risikomat og -drikke (kjøt, sjømat, alkohol og fruktose). Kaffi, mjølkeprodukt, eit tilstrekkeleg inntak av C-vitamin og å vera i god form kan redusera risikoen.

Akutte anfall av urinsyregikt kan behandlast med legemiddel som hemmar betennelse. Ved hyppige anfall kan ein òg gje middel som set ned produksjonen av urinsyre i kroppen eller som aukar utskiljinga av henne. Ved sekundær urinsyregikt bør ein behandla den underliggande årsaka.

Medisinsk historie endre

Sjukdommen blei skildra av legar i det gamle Egypt, av grekaren Hippokrates, som merka seg at han ikkje fanst hjå evnukkar eller kvinner før menopausen, og av romerske Aulus Cornelius Celsus, som også nemnde sambandet mellom alkohol og nyreproblem og sjukdommen.

I 1679 skildra nederlendaren Antoni van Leeuwenhoek for første gongen urinsyrekrystallar sett i mikroskop. I 1848 fann engelske Alfred Baring Garrod fram til sjukdomsårsaka som for mykje urinsyre i blodet.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

«urinsyregikt» i Store norske leksikon, snl.no.