Polarsisik

art av sporvefuglar
Polarsisik
Polarsisik Foto: Ron Knight
Polarsisik
Foto: Ron Knight
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Finkefamilien Fringillidae
Underfamilie: Carduelinae
Slekt: Acanthis
Art: Polarsisik A. hornemanni
Vitskapleg namn
Acanthis hornemanni

Polarsisik (Acanthis hornemanni) er ein fugl i finkefamilien som hekkar i nordlege, arktiske Eurasia og Nord-Amerika inkludert Grønland. Han er mykje lik gråsisik, og somme ser desse to artane som same arten. Nokre polarsisikar er standfuglar eller flyttar korte avstandar sørover om vinteren, andre gjer nokon gonger fugletrekk saman med gråsisikar, men ikkje så langt sør som sørlegaste utbreiinga til gråsisik.

Skildring endre

 
Hannfugl i Québec, Canada som syner lys overgump med rosa fargeskjær
Foto: Simon Pierre Barrette

Polarsisikar har fjørdrakt med generelt lys brun overside og lys grå underside med mørke strekar. Dei har ein djupraud flekk i panna med individuell fargestyrke. Hannar i hekkedrakt får eit svakt rosafarga bryst, undersida er mest heilt fri for strekar og verkar svært lys.[1] Utsjånaden er mykje lik gråsisiken sin, men polarsisik er generelt bleikare i fjørdrakta og har eit mindre og uvanleg lite nebb til fink å vere. Eit kjenneteikn for modne hannar av polarsisik er overgumpen som er heilt ustreka, hannar vil ha eit rosa fargeskjær her. Hoene er meir lik gråsisik med noko striper på bryst, sider og gump, men er likevel bleike. Vaksne er omtrent 12 til 14 centimeter i lengd og veg omtrent 12-16 gram.[2]

Dei beitar hovudsakleg på frø, spesielt av older og bjørk.[2]

Hekkinga føregår frå mai til juli. Reiret er bygd lågt ned i eit tre eller i ein busk og er lagt med eit ytre lag med kvister, eit mellomlag av rotfiber, fragment av einerbork og fôra med fine fiber som dun og hår. Hoa legg tre til sju bleikblå egg med lys raudaktige flekker og ho gjer ruginga einsleg. Egga blir klekte etter ca. elleve dagar, og ungane flyg etter ytterlegare tretten dagar.[2]

Trekktilhøva er uklåre, generelt er han trudd å vere dels standfugl og dels trekkfugl. Somme hekkefuglar i nordlege Noreg kan trekke sørover i Skandinavia vinterstid, saman med gråsisik.[1]

Populasjonen er trudd å vere stabil. Han er ikkje estimert i Nord-Amerika, men det er trudd å leve 100 000 til ein million par i Russland.[3]

Taksonomisk status: Det finst eit tilrådd framlegg[4] om å slå saman dette taksonet med taksonet for gråsisik, og det er allereie gjennomført hos HBW Alive.[3]

Kjelder endre

Referansar
  1. 1,0 1,1 Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820.
  2. 2,0 2,1 2,2 «Arctic Redpoll: Carduelis hornemanni». NatureGate. Henta 11. august 2018. 
  3. 3,0 3,1 Clement, P. (2018) Artic Redpoll (Acanthis hornemanni) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 11. august 2018
  4. AOU Classification Committee – North and Middle AmericaProposal Set 2017 - B Arkivert 2017-07-13 ved Wayback Machine. Henta den 11. august 2018

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Polarsisik