Praktbrudespore

planteart
Praktbrudespore


Status i Noreg: NT Nær truga

Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt: Gymnadenia
Art: G. densiflora
Vitskapleg namn
Gymnadenia densiflora
(Wahlenb.) A. Dietr.
Økologi
Habitat: rikmyr
Utbreiing: Eurasia

Praktbrudespore (Gymnadenia densiflora) er ei plantebrudesporeslekta Gymnadeniaorkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1]

Utsjånad endre

Praktbrudespore er ei høgreist plante som kan bli 50 centimeter høg. Samanlikna med den nære slektningen brudespore er praktbrudespore ofte høgare, og har gjerne ein tettere og lengre blomsterstand og breiare blad. Midtfliken på leppa er ofte smalare og litt kortare enn sideflikane, og sporane er som oftest kortare. Ingen av desse kjennemerka er likevel eintydige nok til å skilje artane sikkert.[2]

Systematikk endre

Brudespore var tidlegare delt inn i to underartar, nominatunderarten G. conopsea ssp. conopsea, kalla engbrudespore, og underarten G. conopsea ssp. densiflora, kalla praktbrudespore. I samband med raudlistevurderinga i 2021 blei dei to underartane vurderte til å være separate artar i brudesporeslekta.[2][3] Namnet brudespore er no den normerte nemninga for arten G. conopsea, men han blir òg omtalt som engbrudespore. Praktbrudespore er no namn på arten G. densiflora.[4]

I Nederland og Belgia er det oppgitt ein varietet

  • G. densiflora var. friesica[5][6]

Utbreiing endre

I mangel av sikre morfologiske kjennemerke kan arten først og fremst skiljast frå brudespore ut frå økologien og blømingstida. Medan brudespore trivst både på fastmark og på myr, er praktbrudespore ein eksklusiv rikmyrsart. Dessutan blømer han monaleg seinare. Der båe veks saman, startar bløminga hos praktbrudespore etter at brudespore er avblomstra.[2]

Ettersom dei to artane ikkje har vore registrerte separat tidlegare, er det uvisse om utbreiinga til praktbrudespore. Arten blei først påvist i Noreg i 2005/2006 ved ein gjennomgang av herbariebelegg, og ein revisjon i 2019/2020 av delar av det norske herbariematerialet har vist at arten er nokså utbreidd i lågare delar av Austlandet, i Midt-Noreg og i kalkområde i Nordland.[7][8] Berre ein handfull nye funn er så langt registrerte i Artsdatabanken, og nokre av dei er tvilsame.[9] I 2021 er praktbrudespore kome inn på Norsk raudliste for artar som nær truga (NT).[7]

Arten finst òg i Sverige (ikkje vurdert separat, svensk namn praktsporre)[10] og i Danmark (status CR, dansk namn tætblomstret trådspore),[11] båe stader rekna som underert.

Det er likeeins stor uvisse om utbreiinga av praktbrudespore (engelsk namn marsh fragrant orchid) på Dei britiske øyane. I den britiske raudlista er statusen usikker (DD, data deficient),[12] det same gjeld lokalt i England og Wales,[13][14] og han er ikkje nemnd for tiltak i Skottland.[15] I den irske raudlista har arten status som livskraftig (LC).[16]

Praktbrudespore (estisk namn tihedaõieline käoraamat) er registrert spreidd i Estland, men er så langt ikkje raudlistevurdert separat.[17]

I Benelux veks praktbrudespore (nederlandsk namn dichte muggenorchis, fransk namn orchis moucheron à inflorescence dense) i Nederland på kysten og i Limburg. I Flandern i Belgia finst han berre få spreidde stader, medan han i Vallonia er sjeldan i Ardennane.[18][19] Praktbrudespore er så langt ikkje separat raudlistevurdert. det er heller ikkje varieteten var. friesica (nederlandsk namn friese muggenorchis).

Hybridar endre

Dei tre taksona i brudesporeslekta på Dei britiske øyane som no har status som eigne artar, er førebels ikkje så godt kartlagde. Ein reknar med at praktbrudespore dannar hybridar med både brudespore (Gymnadenia conopsea × densiflora) og grannbrudespore (Gymnadenia borealis × densiflora).[20]

Praktbrudespore kan danne ein intergenerisk hybrid (hybrid mellom ulike slekter) med Dactylorhiza majalis ssp. praetermissa (Dactylorhiza majalis ssp. praetermissa × Gymnadenia densiflora eller ×Dactylodenia ettlingeriana),[21] som er registrert i Sør-England. Ein reknar òg med at praktbrudespore dannar ein intergenerisk hybrid med skogmarihand (Dactylorhiza maculata ssp. fuchsii × Gymnadenia densiflora).[20]

Referansar endre

  1. «Artsdatabanken: Artsopplysningar praktbrudespore». Artsdatabanken. Henta 1. mars 2022. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Christiane Stark mfl. (2011). «Strong genetic differentiation between Gymnadenia conopsea and Gymnadenia densiflora despite morphological similarity». Plant Systematics and Evolution 293 (1-4): 213–226. ISSN 1615-6110. doi:10.1007/s00606-011-0439-x. 
  3. Marie Kristine Brandrud mfl. (2019). «Restriction-site associated DNA sequencing supports a sister group relationship of Nigritella and Gymnadenia (Orchidaceae)». Molecular Phylogenetics and Evolution 136 (July): 21–28. ISSN 1095-9513. doi:10.1016/j.ympev.2019.03.018. 
  4. «Artsdatabanken: Namnetre praktbrudespore». Artsdatabanken. Henta 1. mars 2022. 
  5. «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Gymnadenia densiflora var. friesica». FLORON. Henta 20. januar 2024. 
  6. «Verspreidingskaart: Friese muggenorchis – Gymnadenia densiflora var. friesica». Waarnemingen.be. Henta 20. januar 2024. 
  7. 7,0 7,1 «Raudlista: Praktbrudespore». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 1. mars 2022. 
  8. Jarle W. Bjerke og Karl-Birger Strann (2009). «Orkideen tettbrudespore Gymnadenia densiflora i Nord-Norge» (PDF). Blyttia 67 (2): 126–133. ISSN 0006-5269. 
  9. «Artskart: Praktbrudespore, registrerte funn etter 2005». Artsdatabanken. Henta 1. mars 2022. 
  10. «Artfakta: Gymnadenia conopsea subsp. densiflora praktsporre». Artdatabanken. Henta 6. mars 2022. 
  11. «Naturbasen: Tætblomstret Trådspore Gymnadenia conopsea ssp. densiflora». Naturbasen. Henta 6. mars 2022. 
  12. «GB Red List for vascular plants (revised Feb 2021)». Botanical Society of Britain & Ireland. 2021. Henta 9. mars 2022. 
  13. «A Vascular Plant Red List for England» (PDF). Botanical Society of Britain & Ireland. 2014. Henta 9. mars 2022. 
  14. «A Vascular Plant Red Data List for Wales / Rhestr o Blanhigion Fasgwlaidd Data Coch ar gyfer Cymru». Plantlife Wales. 2008. Henta 9. mars 2022. 
  15. «Scottish Biodiversity List». Scotland's Nature Agency / Buidheann Nàdair na h-Alba. 2020. Henta 9. mars 2022. 
  16. «Ireland Red List No. 10: Vascular Plants» (PDF). National Parks & Wildlife Service. 2016. Henta 9. mars 2022. 
  17. «eElurikkus: Gymnadenia conopsea subsp. densiflora» (på estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 4. februar 2023. 
  18. «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Gymnadenia densiflora». FLORON. Henta 20. januar 2024. 
  19. «Verspreidingskaart: Dichte muggenorchis – Gymnadenia densiflora». Waarnemingen.be. Henta 20. januar 2024. 
  20. 20,0 20,1 Anne and Simon Harrap (2009). Orchids of Britain and Ireland (2. utg.). London: A & C Black. ISBN 978-1-408-10571-9. 
  21. «PoWO: ×Dactylodenia ettlingeriana». Plants of the World Online. Henta 31. januar 2023. 

Bakgrunnsstoff endre