Propan

kjemisk sambinding

Propan (C3H8) er eit alkan. Ved normalt trykk og temperaturar over -42 °C er propan ein fargelaus, brennbar og lukftfri gass som er tyngre enn luft. Ein tilset gjerne luktstoff til gassen for lettare å oppdage lekkasjar ved bruk. Propan frys til is ved ca. -190 °C under normalt trykk. Ved moderat auka trykk går propan over til væskeform i romtemperatur, noko ein høyrer om ein rister på ein propanboks eller -flaske.

3D-modell av eit propanmolekyl
Fakta
Lewis-struktur:
     H H H 
     | | | 
   H-C-C-C-H
    | | |
    H H H
Namn Propan
Kjemisk formel CH3CH2CH3 eller C3H8
Smeltepunkt -187,6 °C
Kokepunkt -42 °C
Formelvekt 44.10
Synonym Dimetylmetan, LPG, Propylhydrid
CAS-nummer 74-98-6

Bruk av propan

endre

Propan er ei effektiv energikjelde og brukast i det daglege som brennstoff til gassbrennarar slik som kokeapparat på hytter o.l., då gjerne i blanding med butan. 1 kg propan gir 12,8 kWt, noko som svarar til 1,3 liter parafin eller 1,5 liter bensin. Ei standard 11 kilos propanflaske gir med andre ord meir enn 140 kWt.

Propan er eit viktig råstoff i den petrokjemiske industrien til framstilling av etylen og propylen.

Propan har òg vorte vanleg i bruk som drivgass for sprayboksar etter at CRC-forbodet tredde i kraft.

Sjå òg

endre


Alkan

metan
CH4

|
 

etan
C2H6

|
 

propan
C3H8

|
 

butan
C4H10

|
 

pentan
C5H12

|
 

heksan
C6H14

heptan
C7H16

|
 

oktan
C8H18

|
 

nonan
C9H20

|
 

dekan
C10H22

|
 

undekan
C11H24

|
 

dodekan
C12H26

 

tridekan
C13H28

|
 

tetradekan
C14H30

|
 

pentadekan
C15H32

|
 

heksadekan
C16H34

|
 

heptadekan
C17H36

|
 

oktadekan
C18H38

 

nonadecane
C19H40

|
 

eicosan
C20H42

|
 

heneicosan
C21H44

|
 

docosan
C22H46

|
 

tricosan
C23H48

|
 

tetracosan
C24H50

 

pentacosan
C25H52

|
 

heksacosan
C26H54

|
 

heptacosan
C27H56

|
 

oktacosan
C28H58

|
 

nonacosan
C29H60

|
 

triacontan
C30H62

 

hentriacontan
C31H64

|
 

dotriacontan
C32H66

|
 

tritriacontan
C33H68

|
 

tetratriacontan
C34H70

|
 

pentatriacontan
C35H72

|
 

heksatriacontan
C36H74

 

  Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.