Provinsar i Argentina
Argentina er delt inn i tjuetre fødererte statar kalla provinsar (spansk: provincias, eintal provincia) og éin kalla den autonome byen (ciudad autónoma) Buenos Aires, som er den føderale hovudstaden til republikken (spansk: Capital Federal), bestemt av den argentinske kongressen.[1] Provinsane og hovudstaden har sine eigne grunnlover og eksisterer under eit føderalt system.
Politisk organisering
endreArgentina er ein føderasjon sett saman av tjue–tre provinsar og éin autonom by, Buenos Aires. Provinsane er administrativt delt inn i departement og kommunar, bortsett frå Buenos Aires-provinsen, som er delt inn i partidos og localidades. Sjølve Buenos Aires by er delt inn i kommunar (comuna) og uoffisielle nabolag (barrios).
Provinsane har all makt dei ikkje har valt å delegere til den føderale regjeringa;[2] dei må vere representative fellesskap og kan ikkje motstride konstitusjonen.[3] Utover dette er dei fullstendig autonome: dei innfører sine eigne grunnlover,[4] organiserer dei lokale styresmaktene sine fritt[5] og eig og forvaltar sine natur- og finansressursar.[6] Dermed har kvar provins sitt eige sett med provinslover og rettssystem, ein høgsterett, ein guvernør, ein autonom politistyrke og ein kongress. I åtte provinsar er den lovgivande forsamlinga tokammersystem, beståande av eit overhus (senat) og eit underhus (deputertkammer), medan i dei andre femten provinsane og i Buenos Aires by, har eit eittkammersystem.[7]
Ved opprør, invasjon, territoriale inntrengingar eller andre trugsmål mot lovene i landet i kva provins som helst eller hovudstaden, har kongressen myndigheit til å erklære føderal intervensjon i det ramma distriktet,[8] sjølv utan formell førespurnad frå den ramma parten.[9] Når kongressen har pause og derfor ikkje kan intervenere, har presidenten rett til å vedta ein slik intervensjon, men denne utøvande ordren kan gjerast om av kongressen når han samlast igjen.[10] Når intervensjonen er erklært, blir oppløyst straks styret i det ramma distriktet, heilt eller delvis etter avgjerda til kongressen, og presidenten utnemner ein representant eller intervenerer, som skal fungere mellombels til situasjonen er løyst. Sidan 1983 har fire provinsar vorte intervenerte, nemleg Catamarca, Corrientes (to gonger), Santiago del Estero (to gonger) og Tucumán.[11]
I løpet av det 20. hundreåret har nokre provinsar hatt regjeringar som tradisjonelt vart kontrollerte av éin familie, til dømes Saadi-familien i Catamarca, eller Sapag-familien i Neuquén; i eitt tilfelle er situasjonen den same fram til 2009: provinsen San Luis har nesten utan opphald vore styrt av Rodríguez Saá-familien sidan desember 1983.[12]
Artikkel 61 i Grunnlova for Buenos Aires by seier at «Stemmegivinga er fri, likeverdig, hemmeleg, universell, obligatorisk og ikkje kumulativ. Utanlandske bebuarar nyt denne retten, med dei korresponderande plikter, på like vilkår med argentinske statsborgarar registrert i dette distriktet, i samsvar med føresegnene i lova».[13]
Oversyn over provinsane med hovudstad og folketal
endreProvinsnamn | Hovudstad | Folketal (2022)[14] | Flatevidd | Tettleik |
---|---|---|---|---|
Buenos Aires | 3 120 612 | 203 km² | 15372,47 | |
Buenos Aires-provinsen | La Plata | 17 569 053 | 307 571 km² | 57,12 |
Catamarca | San Fernando del Valle de Catamarca | 429 556 | 102 602 km² | 4,18 |
Chaco | Resistencia | 1 142 963 | 99 633 km² | 11,47 |
Chubut | Rawson | 603 120 | 224 686 km² | 2,68 |
Córdoba | byen Córdoba | 3 978 984 | 165 321 km² | 24,06 |
Corrientes | byen Corrientes | 1 197 553 | 88 199 km² | 13,57 |
Entre Ríos | Paraná | 1 426 426 | 78 781 km² | 18,10 |
Formosa | byen Formosa | 606 941 | 72 066 km² | 8,42 |
Jujuy | San Salvador de Jujuy | 797 955 | 53 219 km² | 14,99 |
La Pampa | Santa Rosa | 366 022 | 143 440 km² | 2,55 |
La Rioja | byen La Rioja | 384 607 | 89 680 km² | 4,28 |
Mendoza | byen Mendoza | 2 014 533 | 148 827 km² | 13,53 |
Misiones | Posadas | 1 280 960 | 29 801 km² | 42,98 |
Neuquén | byen Neuquén | 726 590 | 94 078 km² | 7,72 |
Río Negro | Viedma | 762 067 | 203 013 km² | 3,75 |
Salta | byen Salta | 1 440 672 | 155 488 km² | 9,26 |
San Juan | byen San Juan | 818 234 | 89 651 km² | 9,12 |
San Luis | byen San Luis | 540 905 | 76 748 km² | 7,04 |
Santa Cruz | Río Gallegos | 333 473 | 243 943 km² | 1,36 |
Santa Fe | byen Santa Fe | 3 556 522 | 133 007 km² | 26,73 |
Santiago del Estero | byen Santiago del Estero | 1 054 028 | 136 351 km² | 7,73 |
Tierra del Fuego | Ushuaia | 190 641 | 987 168 km² | 0,19 |
Tucumán | San Miguel de Tucumán | 1 703 186 | 22 524 km² | 75,61 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Provinces of Argentina» frå Wikipedia på engelsk, den 7. november 2024
- National Constituent Convention (22 August 1994), Constitution of the Argentine Nation, Santa Fe: Honorable Senado de la Nación Argentina, arkivert frå originalen 4 June 2011
- ↑ Den argentinske grunnlova, artikkel 3
- ↑ Den argentinske grunnlova, artikkel 121
- ↑ Den argentinske grunnlova, artikkel 5, 6
- ↑ Den argentinske grunnlova, artikkel 121
- ↑ Den argentinske grunnlova, artikkel 122
- ↑ Den argentinske grunnlova, artikkel 124, 125
- ↑ «Legislaturas de la Ciudad de Buenos Aires y provinciales – República Argentina» (på spansk). Universidad del Salvador. Arkivert frå originalen 15. mai 2013. Henta 19. september 2009.
- ↑ Den argentinske grunnlova, artikkel 6
- ↑ Den argentinske grunnlova, artikkel 75
- ↑ Den argentinske grunnlova, artikkel 99
- ↑ «Intervenciones en la historia». La Nación (på spansk). 11 April 2004. Arkivert frå originalen 11 October 2012.
- ↑ «Archivo Histórico – Gobernadores provinciales de la República Argentina 1983–2007» (på spansk). Ministerio del Interior – Presidencia de la Nación. Arkivert frå originalen 8 June 2009. Henta 8 June 2009.
- ↑ «Constitución de la Ciudad Autónoma de Buenos Aires» (på spansk). Ciudad Autónoma de Buenos Aires. October 1, 1996. Arkivert frå originalen 22. november 2007. Henta 13. desember 2007.
- ↑ «Nuevos datos provisorios del Censo 2022: Argentina tiene 46.044.703 habitantes». Infobae. 31 January 2023. Henta 7. november 2024.