Pseudobulweria

fugleslekt
Pseudobulweria
Brunhovudpetrell, Pseudobulweria rostrata Foto: Wikipedia-brukar: Aviceda
Brunhovudpetrell, Pseudobulweria rostrata
Foto: Wikipedia-brukar: Aviceda
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Aequornithes
Orden: Stormfuglar Procellariiformes
Familie: Stormfuglfamilien Procellariidae
Slekt: Pseudobulweria
Mathews, 1936

Pseudobulweria er ei biologisk slekt av sjøfuglar i stormfuglfamilien Procellariidae. Artane her har lenge vore haldne i slekta Pterodroma, «eigentlege» petrellar, trass morfologiske skilnader. mtDNA cytokrom b sekvensanalysar har stadfesta splitten ut av Pterodroma og plasserer slekta nærare lirer. Pseudobulweria representere anten ei plesiomorfisk avstamming som framleis deler trekk av Pterodroma-petrellane frå felles stamfedrar i Procellariidae, eller ein konvergent evolusjon frå ei lire til den økologiske nisjen av petrellar.[1]

Skildring og økologi endre

Dette er generelt store, mørke petrellar, men kan ha kvit undersida. Med sine lange venger flyg dei med ganske rolege vengeslag og sveveflyg mykje. Sjølv om dei er tiltrekte av utkast av avfall, er det ikkje spesielt vanleg at dei følgjer skip. Dei nærmar seg ofte eit flytande bytte i motvind, og plukkar det opp utan å lande på vatnet eller dei er berre kort nede der vengene blir haldne heva.[2]

Hekkeområdet til Pseudobulweria er i hovudsak avgrensa av ekvator og den sørlege vendesirkelen, og slik har det moglegvis alltid vore. Ikkje-hekkande fuglar varierer meir i utbreiingsområdet, men generelt finn ein dei sjeldan på den nordlege halvkula eller utanfor tropiske strøk. I dag lever slekta berre i regionen Indiahavet - Stillehavet, tidlegare var dei òg i Atlanterhavet. Tre av Pseudobulweria-artane er oppførte som kritisk trua. Fijipetrell (P. macgillivrayi) og melanesiapetrell, Pseudobulweria becki er blant dei minst kjende sjøfuglartane på jorda, hekkekoloniar av sistnemnde er heilt ukjente. Sidan desse to artane vart oppdaga av vitskapen har dei berre sjeldan blitt observerte. Berre brunhovudpetrell (P. rostrata) er meir vanleg over Stillehavet, men han er framleis oppført som 'nær trua'. Ein art av Pseudobulweria har døydd ut i nyare historie, han er skildra frå subfossile restar på Saint Helena.[3]

Artar endre

Pseudobulweria-petrellar i rekkjefølgje etter eBird/Clements Checklist v2017[4] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[5]

  • Fijipetrell, Pseudobulweria macgillivrayi, Fiji Petrel, Gray, 1860, (CR)
  • Reunionpetrell, Pseudobulweria aterrima, Mascarene Petrel, Bonaparte, 1857, (CR)
  • Brunhovudpetrell, Pseudobulweria rostrata, Tahiti Petrel, Peale, 1848, (NT)
  • Melanesiapetrell, Pseudobulweria becki, Beck's Petrel, Murphy, 1928, (CR)
  • Pseudobulweria rupinarum er utdøydd

Kjelder endre

  • Bretagnolle, Vincent; Attié, Carole & Pasquet, Eric (1998): Cytochrome-B evidence for validity and phylogenetic relationships of Pseudobulweria and Bulweria (Procellariidae). Auk 115(1): 188-195 PDf fulltext Arkivert 2008-12-17 ved Wayback Machine.
  • Brooke, Michael (2004): Albatrosses and Petrels across the World. Oxford University Press, Oxford, New York. ISBN 0-19-850125-0
  • IUCN (2011): 2009 IUCN Red List of Threatened Species. IUCN, Gland.
  • Shirihai, Hadoram; Pym, Tony; Kretzschmar, Jörg; Moce, Kolinio; Taukei, Amania & Watling, Dick (2009): First observations of Fiji Petrel Pseudobulweria macgillivrayi at sea: off Gau Island, Fiji, in May 2009. Bulletin of the British Ornithologists' Club 129(3): 129-148. PDF fulltext

Referansar endre

  1. Bretagnolle et al. 1998)
  2. Brooke (2004), Shirihai et al. (2009)
  3. Brooke (2004), IUCN (2009)
  4. Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2017), eBird/Clements Checklist v2017 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. oktober 2017 
  5. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff endre