Puffinus

fugleslekt

Puffinus er ei slekt av sjøfuglar i stormfuglfamilien. Slekta samlar rundt 20 små og mellomstore lirer. Artane i denne gruppa er langvenga fuglar med mørk brun eller svart overside, og frå kvit til mørk brun på undersida. Dei er pelagiske utanfor hekkesesongen. Dei er mest vanlege i tempererte og kalde farvatn.

Puffinus
Persarlire, Puffinus persicus
Persarlire, Puffinus persicus
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Aequornithes
Orden: Stormfuglar Procellariiformes
Familie: Stormfuglfamilien Procellariidae
Slekt: Puffinus
Brisson, 1760

Desse fuglane flyg med stive venger, og brukar ein teknikk for å segle over bølgjefrontar som krev eit minimum av aktiv flyging. Nokre små artar som havlira har omriss av ei krosskyrkje i flukt, når dei held dei lange vengene rett ut frå kroppen. Mange er langdistansemigrantar, til dømes havlira som hekkar på øyar i Nord-Atlanteren, men overvintrar i Sør-Atlanteren, særleg utanfor Brasil og Argentina.

Puffinus-lirer kjem på land på øyar og fuglefjell berre for å hekke. Dei er nattlege under i hekkeperioden, føretrekk netter utan måneskin for å redusere predasjonen. Dei hekkar i hòler og gjev ofte uhyggelege kallerop ved aktivitet om natta. Dei legg eitt kvitt egg. Dei lever av fisk, blekksprut og anna pelagisk føde. Desse artane vil ofte følgje kval for å plukke fisk som vert forstyrra av kvalane, og nokre følgjer fiskebåtar for å ta utkast.

Taksonomi og artslista

endre
 
Flagrelire, Puffinus gavia
Foto: JJ Harrison
 
Maorilire, Puffinus huttoni
Foto: Department of Conservation, New Zealand
 
Brunlire, Puffinus nativitatis
Foto: Duncan Wright - USFWS Hawiian Islands NWR

Taksonomien av denne gruppa er grunnlag til mykje debatt, og talet på anerkjente artar er avhengig av kjelda.

Tradisjonelt har Puffinus vore gruppert saman med Procellaria og Calonectris i gruppa lirer. Men nyare resultat har slått fast at slekta er tilsynelatande parafyletisk,[1][2][3] dels svært nær Calonectris, og dannar ein klade med to føreslåtte slekter Pseudobulweria og Lugensa skilt ut frå Pterodroma-petrellar. Ein fersk studie deler Puffinus-slekta i to separate kladar eller undergrupper, Puffinus og Neonectris. Puffinus er dei mindre Puffinus-lirene, havlire, dverglire og tropelire til dømes, og Neonectris er dei større Puffinus-lirene som grålire. I 2004 blei det gjort framlegg om at Neonectris vert splitta ut i si eiga slekt, Ardenna,[4] og sju tidlegare Puffinus-lirer er no skilt ut til Ardenna.

Puffinus-lirer i rekkjefølgje etter eBird/Clements Checklist v2019[5] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[6]

Slekt Puffinus
  • Brunlire, Puffinus nativitatis, Christmas Shearwater, Streets, 1877, (LC)
  • Galapagoslire, Puffinus subalaris, Galapagos Shearwater, Ridgway, 1897, (LC)
  • Havlire, Puffinus puffinus, Manx Shearwater, Brünnich, 1764, (LC)
  • Middelhavslire, Puffinus yelkouan, Yelkouan Shearwater, Acerbi, 1827, (VU)
  • Balearlire, Puffinus mauretanicus, Balearic Shearwater, Lowe, 1921, (CR)
  • Maorilire, Puffinus huttoni, Hutton's Shearwater, Mathews, 1912, (EN)
  • Boninlire, Puffinus bannermani, Bannerman's Shearwater, Mathews & Iredale, 1915, (EN)
  • Mexicolire, Puffinus auricularis, Townsend's Shearwater, Townsend, 1890, (CR)
  • Hawaiilire, Puffinus newelli, Newell's Shearwater, Henshaw, 1900, (CR)
  • Rapalire, Puffinus myrtae, Rapa Shearwater, Bourne, 1959, (CR)
  • Smålire, Puffinus bryani, Bryan's Shearwater, Pyle, Welch & Fleischer, 2011, (CR)
  • Bajalire, Puffinus opisthomelas, Black-vented Shearwater, Coues, 1864, (NT)
  • Flagrelire, Puffinus gavia, Fluttering Shearwater, Forster, 1844, (LC)
  • Dverglire, Puffinus assimilis, Little Shearwater, Gould, 1838, (LC)
  • Sørhavslire, Puffinus elegans, Subantarctic Shearwater, Giglioli & Salvadori, 1869, (LC)
  • Makaronesialire, Puffinus baroli, Barolo ShearwaterBonaparte, 1857
  • Alvelire, Puffinus boydi, Boyd's Shearwater, Mathews, 1912
  • Tropelire, Puffinus lherminieri, Audubon's Shearwater, Lesson, 1839, (LC)
  • Nymfelire, Puffinus bailloni, Tropical Shearwater, Bonaparte, 1857, (LC)
  • Persarlire, Puffinus persicus, Persian Shearwater, Hume, 1873, (LC)
  • Melanesialire, Puffinus heinrothi, Heinroth's Shearwater, Reichenow, 1919, (VU)

Kjelder

endre
  • Denne artikkelen bygger dels på «Puffinus» frå Wikipedia på engelsk, den 16. september 2009, artikkelen gjev desse referansane:
    • Austin, Jeremy J. (1996): Molecular Phylogenetics of Puffinus Shearwaters: Preliminary Evidence from Mitochondrial Cytochrome b Gene Sequences. Molecular Phylogenetics and Evolution 6(1): 77–88. DOI 10.1006/mpev.1996.0060 (HTML abstract)
    • Austin, Jeremy J.; Bretagnolle, Vincent & Pasquet, Eric (2004): A global molecular phylogeny of the small Puffinus shearwaters and implications for systematics of the Little-Audubon's Shearwater complex. Auk 121(3): 847–864. DOI 10.1642/0004-8038(2004)121[0847:AGMPOT]2.0.CO;2 HTML abstract
    • Brooke, M. (2004): Albatrosses and Petrels Across the World. Oxford University Press, Oxford, UK. ISBN 0-19-850125-0
    • Heidrich, Petra; Amengual, José F. & Wink, Michael (1998): Phylogenetic relationships in Mediterranean and North Atlantic shearwaters (Aves: Procellariidae) based on nucleotide sequences of mtDNA. Biochemical Systematics and Ecology 26(2): 145–170. DOI 10.1016/S0305-1978(97)00085-9 PDF fulltext
    • Olson, Storrs L. (1985): Section X, H, 2. Procellariidae. In: Farner, D.S.; King, J.R. & Parkes, Kenneth C. (eds.): Avian Biology 8: 210-211. Academic Press, New York.
    • Penhallurick, John & Wink, Michael (2004): Analysis of the taxonomy and nomenclature of the Procellariformes based on complete nucleotide sequences of the mitochondrial cytochrome b gene. Emu 104(2): 125-147. DOI 10.1071/MU01060 (HTML abstract)
    • Thompson, D'Arcy Wentworth (1918): The Birds of Diomede. Classical Review 32(5/6): 92-96. First page image
    • Wetmore, Alexander (1926): Observations on fossil birds described from the Miocene of Maryland. Auk 43(4): 462-468. PDF fulltext Arkivert 2008-07-23 ved Wayback Machine.

Fotnotar

endre
  1. Austin (1996)
  2. Heidrich et al. (1998)
  3. Austin et al (2004)
  4. Penhallurick, J. and Wink, M (2004). «Analysis of the taxonomy and nomenclature of the Procellariformes based on complete nucleotide sequences of the mitochondrial cytochrome b gene.». Emu 104: 125-147. 
  5. Schulenberg T.S.; M. J. Iliff; S. M. Billerman; B. L. Sullivan; C. L. Wood; T. A. Fredericks. (august 2019), eBird/Clements Checklist v2019 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 14. september 2020 
  6. Syvertsen, P. O., Bergan, M., Hansen, O. B., Kvam, H., Ree, V. & Syvertsen, Ø. 2020. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening https://www.birdlife.no/fuglekunnskap/navn/