Flagrelire

fugleart

Flagrelire, Puffinus gavia, er ei lita lire i stormfuglfamilien. Som hekkefugl er ho endemisk for New Zealand med hekkeområde rundt Nordøya og i Cooksundet.

Flagrelire
Flagrelire aust for Tasmania, Australia Foto: JJ Harrison
Flagrelire aust for Tasmania, Australia
Foto: JJ Harrison
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Stormfuglar Procellariiformes
Familie: Stormfuglfamilien Procellariidae
Slekt: Puffinus
Art: Flagrelire P. gavia
Vitskapleg namn
Puffinus gavia

Flagrelira har kroppslengd på ca. 33 centimeter og kroppsmasse på 300 gram. Ho er gjennomgåande mørk på oversida med lys underside. Rygg og overside av venger er einsfarga gråbrune, strupen og brystet er kvite med gradvis overgang til den gråbrune oversida. Buk, kroppssider og undergump er einsfarga kvite. Undervengene er kvite med lyst, gråbrunt felt mot armholene, mørke vengespissar og eit smalt, mørkt markert band rundt bakkanten. Nebbet er mørkt og tynnt. Den noko større maorilire liknar mykje, men har litt mørkare undervenger.

Dei største hekkekoloniane finst på Manawaøyane nord for Nordøya, og i Marlboroughsunda nord for Sørøya og utanfor Gisborne. Ungfuglar migrerer til kysten sør og aust for Australia i februar og nokre har vore registert så langt nord som ved Vanuatu.

Populasjonen er estimert til ca. 100 000, og opptil 20 000 kan samlast i flokkar som beitar saman utanom hekkesesongen. Ein trur populasjonen går tilbake grunna predasjon av innførte artar som villkattar og rotter.

Føda er for det meste småfisk og kril. Dei kan beite med to ulike strategiar, enten ved å stupe i vatnet frå låg høgd eller ved å symje på overflata og så dukke.

Kjelder

endre
  • Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (rev. utg.), Viking, 2005

Referansar

endre

Bakgrunnsstoff

endre