Pølse
(Omdirigert frå Pylse)
Pølse (pylsa, på høgnorsk)[1] eller kurv er ein matrett laga ved å stappa mat, som regel kjøtmat, inn i eit hylster. Dei kan sidan kokast, spekjast eller røykast. Pølser er kjenneteikna av ei avlang sylinderform, og finn elles i ei rekkje utgåver.

Tradisjonelt har pølser hatt ilåt av tarmar. I nyare tid har ein teke i bruk kunsttarmar av kollagen, cellulose og plast. Inni ei pølse tek ein gjerne kverna kjøt laga av ulike dyr. Ein kan også ha i feitt, salt, urter og krydder. Det er også mogleg å laga pølser utan kjøt, fylte med til dømes tofu, nøtter, belgfrukter eller grønsaker.
Sjå og endre
- Pølse i brød
- Pölsa eller lungmos, ein svensk rett
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Pølse» frå Wikipedia på bokmål, og «Sausage» frå Wikipedia på engelsk den 21. mai 2010.