Rabarbra
Ung rabarbra
Ung rabarbra
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Nellikordenen Caryophyllales
Familie: Slireknefamilien Polygonaceae
Slekt: Rheum
Art: Rabarbra R. rhabarbarum
Vitskapleg namn
Rheum rhabarbarum

Rabarbra (vitskapeleg namn Rheum rhabarbarum) er ein gamal, hardfør, mat- og medisinplante (staude) som opphavleg kjem frå dei nordlege og sentrale delane av Asia. Planten kom til Noreg1700-talet.

Rabarbrastilkar.

Rabarbra kan nyttast til suppe, graut, i bakverk og som syltetøy. Ein kan også eta rabarbastilkar rå, då gjerne med sukker på for å søta smaken, eller i småbitar i salat.[1]

Rabarbra inneheld mykje garvestoff. I store mengder kan han også verke som avføringsmiddel. Det er også viktig å merke seg at store inntak av rabarbra kan føre til auka risiko for nyrestein. Mjølk kan forhindre dette til ei viss grad. Blada er særs giftige fordi dei inneheld store dosar oksalsyre. Det har skjedd dødsfall i tilfelle der blad har vore brukte i salat.

Utvalde typar rabarbra endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Rheum rhabarbarum

Kjelder endre

  1. Rabarbra ved bama.no
  Denne matartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.