Raisteinar

(Omdirigert frå Rai-steinar)

Rai- eller Yap-steinar er utskorne steinar tradisjonelt brukt som ein slags pengar på øygruppa Yap i Mikronesiaføderasjonen vest i Stillehavet. Dei er forma som runde skiver med hòl i midten, og kan ha ein diameter på alt frå 5 cm til over 3 meter. Raisteinar er laga av ein kalkstein, aragonitt, som skin som kvarts. Steinen finst ikkje på Yap, og var dermed eit sjeldan og ettertrakta materiale. Rai er eit nasjonalsymbol for yapesarane, og blir framleis brukt til seremonielle betalingar. Steinane er mykje omtalt innan økonomifaget som døme på utvikling av ein symbolsk valuta.

Raistein ved landsbyen Gachpar på Yap.

Historie endre

 
Raistein på Yap.

Yapesarar har ulike soger om korleis ein byrja henta raistein. Ein vis gamal mann, Anagumang, skal ha (blitt opplært av Le-gerem) teke med seg sju menn frå Yap til Palau. Dei skar først steinane ut som kval og halvmåne før dei enda opp med fullmåneforma steinar.

Det er ukjend kor lenge ein har brukt slike pengesteinar på Yap. Det er funne flate steinar her som er opptil 2000 år gamle, men dei eldste liknar ikkje dagens raisteinar, og ein veit ikkje om dei var brukt som pengar. Det er likevel tydeleg at storleiken på steinane voks kraftig etter at europeiske teknikkar og handelsfolk kom til Yap. Kanskje kan dei ha utvikla seg frå mindre, utskorne perler.[1]

Ein henta hovudsakleg stein ved Koror og Airai i Palau, nesten 500 kilometer frå Yap. Andre steinar har kome frå Guam og andre stader. Materialet hadde ikkje nokon annan bruk på Yap enn som rai. Yapesarane brukte store ressursar på å skaffa raisteinar. Den britiske naturforskaren Jan S. Kubary fortalde til dømes i 1882 at han hadde sett 400 yapesarar laga raisteinar på Koror, noko som utgjorde over ein tidel av yapesiske menn. Høvdingar på Yap gav løyve til å reisa til Palau og henta stein, og mottok ein viss del av dei, til dømes alle dei store steinane og to femtedelar av dei små. Dette er ei utbreidd form for skattleggig på Yap som ein seinare har funne i til dømes koprautvinning.[1]

 
Frå String Figures and How to Make Them

Tradisjonelt blei steinane skorne ut med skjelverktøy og pussa med pimpstein.[1] Små steinar blei borne i kokosnøttau og større ved hjelp av stokkar gjennom hola i midten. Dei blei frakta på flåtar styrte med kanoar i farefulle overfartar der både liv og steinar kunne gå tapt. Seinare blei både skjeringa og transport forenkla ved at øybuarane kjøpte jernverktøy frå europearar og frakta steinar frå Palau og Guam med moderne skip. Særleg viktig i utviklinga av moderne steinhandel var irsk-amerikanske David O'Keefe, som slo seg ned på Yap etter eit skipbrot.

 
Hus på Yap med rai-steiner utanfor i 1971.

På grunn av lettare utvinning og frakt blei steinane både større og vanlegare på Yap, noko som førte til utholing av verdien deira. Ei tid etter at Tyskland fekk herredøme over øyane, ved hundreårsskiftet, slutta innføringa av steinar til Yap. Ein av dei siste steinane blei vunne ut i 1931 og frakta til Yap i 1932.[1]

Ved ei oppteljing i 1929 fann ein at det var 13 281 raisteinar på øygruppa. Under den japanske okkupasjonen av øya under andre verdskrigen blei mange steinar øydelagde eller tapte gjennom bruk som anker eller i forsvarsverk. Andre er tekne av storm eller flaum eller dekte av vegetasjon. I dag finst det rundt 6 600 steinar på øyane. Det er no ulovleg å ta raisteinar vekk frå Yap.

Verdi endre

Storleiken har ein viss innverknad på verdien til steinane, men vel så viktig er vanskane med å skaffa steinen og frakta han til Yap. Nyare steinar laga med moderne verktøy og frakta med motordrivne skip har mindre verdi enn eldre raisteinar som hadde vore vanskelege å skaffa. Steinar frakta gjennom stormar eller som har kravd mange menneskeliv er mest verdifulle. Verdien kjem òg an på kven som gjev og kven som tek imot ein stein.[1]

Rai blei brukt i samband med fleire andre verdieiningar: Yar, perleskjel; gau, skjelsmykke; ma, seremonielle støytarar og mbul, vovne matter.[1]

Skikk og bruk endre

 
Frambering av raistein ved seremonien for skipinga av Mikronesiaføderasjonen.

Rai blir brukt innan Yap-øyane til utveksling av verdiar og å markera rikdom. Dei blir stilte opp ved hus, seremonielle danseområde eller på særskilde område i jungelen. Steinane skal stå oppreiste på kanten. Dei skal berre handterast av menn. Det er tabu å stå eller sitja på dei, men nokre kan brukast som ryggstø. Innan det yapesiske kastesystemet kunne ikkje medlemmer av lågare kaster eiga steinar som var meir enn fire fingermål (spann).[1]

Til dagleg handel brukte yapesarane tradisjonelt skjelpengar, bytehandel eller liknande, medan dei i dag bruker US-dollar. Rai har alltid hovudsakleg vore brukt til større, gjerne seremonielle utvekslingar, som gåver, til dømes for å takka eller be om orsaking for noko, ved giftarmål, gravferder eller ved inngåing av avtalar om alliansar, land eller fiskerettar. Historia deira blir overført munnleg, slik at ein hugsar hendingane knytt til dei. Eigarskapen til ein større rai kan overførast ved ein offentleg seremoni, utan at ein flytter sjølve steinen. Viktige steinar har namn, til dømes etter høvdingen som gav løyve til å henta han, den som leidde steinhentingsekspedisjonen, eller kanoen steinen blei frakta med.

Steinar har i dag ei viktig symbolsk tyding, og blir også nytta som symbol på øygruppa. Bilskilt på Yap kan ha bilde av ein raistein og slagordet «Island of Stone Money», og det er knytt turisme til steinpengesamlingane.

Yap-steinar utanfor Yap endre

 
Raistein utstilt ved Valutamuseet ved Bank of Canada i Ottawa.

Steinpengane frå Yap har fasinert ei rekkje vitjande, forskarar og andre, og Yap blir ofte marknadsført som «steinpengeøya». Av både geografiske og politiske grunnar har øygruppa vore vanskeleg tilgjengeleg, og mykje usikker informasjon er blitt spreidd om dei.[1] Raisteinar er blitt tekne frå Yap og har gått inn i samlingar og utstillingar rundt om i verda. Nationalmuseet i Danmark har mellom anna ein raistein på utstilling, og Museum für Völkerkunde i Leipzig, Museum für Völkerkunde i Hamburg, Tokyo National Museum i Tokyo, Bernice P. Bishop Museum i Honolulu på Hawaii og National Museum of History and Technology ved Smithsonian Institution i Washington i USA har fleire steinar. Ein stein med 2,1 meter i diameter er utstilt i lobbyen til Valutamuseet i Bank of Canada i Ottawa i Canada. Andre bankar, som Chase Manhattan Bank i New York, The National Bank of Detroit, Michigan og Svenska Handelsbanken i Stockholm, eig også raisteinar.[1]

Raisteinar inspirerte teikneserien Donald Duck og steinpengemysteriet frå 1961.

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 1,8 Gillilland, Cora Lee C., The Stone Money of Yap: A Numismatic Survey Arkivert 2012-05-25 ved Wayback Machine., 1975, Smithsonian Studies in History and Technology; 23

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Raisteinar