Opna hovudmenyen

Rainy Day Women No. 12 & 35

(Omdirigert frå Rainy Day Women ♯12 & 35)
Rainy Day Women #12 & 35
Singel av Bob Dylan
frå albumet Blonde on Blonde
B-side «Pledging My Time»
Utgjeve April 1966
Innspelt 10. mars 1966
Sjanger Folkrock, jazz
Lengd 4:36
Selskap CBS
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Produsent Bob Johnston
Bob Dylan-kronologi
«One of Us Must Know (Sooner or Later)»
(1966)
Rainy Day Women #12 & 35 «I Want You»
(1966)


«Rainy Day Women #12 & 35» er ein song av Bob Dylan og opningssporet på albumet hans Blonde on Blonde frå 1966.

Songen er kjend for dei uvanlege instrumenta og er den einaste songen på Blonde On Blonde med blåsarar. Kvar linje i versa startar med den noko linja «They'll stone ya», medan refrenget går «But I would not feel so all alone--everybody must get stoned!». Stoned kan på engelsk tyde både å verte steina og å vere påverka (stein) av narkotika. Songen vart bannlyst av mange amerikanske radiostasjonar og av BBC, sidan dei såg på songen som ein «dopsong».

Songen er i røynda ein enkel bluessong i F. Delar av songen vert spelt av trombone, tuba, piano, bass, trommer og tamburin. Ein kan òg høyre mykje rop og latter i bakgrunnen, og Dylan sjølv ler fleire gonger medan han syng songen. Songen nådde andreplass på den amerikanske singellista og 7. plass i Storbritannia.

SalslisterEndra

VekeslisterEndra

Liste (1966) Plassering
Australia 17
Canadian RPM Singles Chart[1] 3
Nederland 9
New Zealand (Listener)[2] 13
UK Singles Chart[3] 7
US Billboard Hot 100[4] 2
US Cashbox Top 100[5] 2

ÅrslisterEndra

Liste (1966) Plassering
US Billboard Hot 100[6] 82
US Cash Box [7] 67

Andre utgåverEndra

Andre artistar som har spelt songen er mellom andre Lester Flatt og Earl Scruggs, The Black Crowes, Ben Fong-Torres, Sammy Hagar, Jessi Colter og Jimmy Buffett.

Norske versjonarEndra

Det er skrive minst to norske versjonar av songen. Den første vart skriven av Jan Erik Vold og kalla «Damer i regn». Denne vart spelt av Jan Erik Vold, Kåre Virud og Telemark Blueslag i 1981 på albumet Stein. Regn

Tom Roger Aadland skreiv og framførte ein nynorsk tekst kalla «Regnvêrsdamer #12 & 35» på albumet Blondt i blondt i 2016.

KjelderEndra

  1. RPM Top Singles, 23. mai 1966
  2. Flavour of New Zealand, 1. juli 1966
  3. «UK Top 40 Database». everyHit.com. Arkivert frå originalen 19. mars 2008. Henta 5. februar 2010. 
  4. «Bob Dylan Billboard singles». Allmusic. Henta 26. oktober 2009. 
  5. «Cash Box Top Singles 1966». Arkivert frå originalen |archive-url= requires |archive-date= (hjelp). Henta 23. april 2018. 
  6. «Top 100 Hits of 1966/Top 100 Songs of 1966». Musicoutfitters.com. Henta 12. oktober 2016. 
  7. [1] \