Rakel Surlien (fødd 10. februar 1944) i Svelvik er ein norsk jurist og tidlegare politikar frå Senterpartiet. Ho var statsråd og sjef for Miljøverndepartementet (miljøvernminister) i Kåre Willoch si regjering 8. juni 1983 til 9. mai 1986.

Rakel Surlien
Fødd10. februar 1944 (80 år)
Svelvik kommune
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar, dommar
MedlemNorsk Kvinnesaksforening
Alle verv

Utdanning og yrkesliv endre

Surlien har Examen artium frå latinline frå 1963, vart cand.jur. med folkerett som spesialfag i 1970, og gjekk på Forsvarets høgskole 1985–1986.

Rakel Surlien var sekretær for Stortingets justiskomité 1979-1983. Ho var lagdommar i Eidsivating lagmannsrett 1986–1990, lagmann 1990–1994, departementsråd i Justisdepartementet 1995–1997, justitiarius (sorenskrivar) ved Nedre Romerike tingrett 1997–2001, og lagdommar i Borgarting lagmannsrett frå 2004.

Kjelder endre