Raud teju (Salvator rufescens) er ei øgle som høyrer heime i delar av Argentina, Bolivia og Paraguay.

Raud teju
Raud teju
Raud teju
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Krypdyr Reptilia
Orden: Skjelkrypdyr Squamata
Familie: Teiidae
Slekt: Tupinambis
Art: Raud teju T. rufescens
Vitskapleg namn
Tupinambis rufescens

Skildring

endre

Som nyklekte viser dei fleste av denne arten lite, om nokon, raud farge. Vanlegvis er kroppsfarga først brungrøn med svarte striper på tvers av kroppen og fleire brotne kvite striper langs lengda. Dei utviklar raud farge etter kvart som dei modnast; hannane er vanlegvis meir fargesterke enn hoene. Vaksne hoer kan bli opptil 91 cm lange, hannane opptil 140 cm og utviklar større kjevar.

Utbreiingsområdet er omtrent som tørr chaco økosystem, men finst også sørover inn i argentinsk monte. Dette svarar til vestlege Argentina, søraustlege Bolivia og vestlege Paraguay. Her lever dei opportunistisk og vil ete ei rekkje plante- og dyremateriale: bær, amfibium, insekt, gnagarar, fuglar og egg og åtsel. Raude tejuar er dagaktive og lever på bakken.

Hoa legg 20-25 egg i kullet. Egga klekker etter 45-75 dagar avhengig av temperatur. Raud teju når vanlegvis kjønnsmoden alder i løpet av omtrent fire år.[1]

I temperert klima som i Argentina går dei i dvale om vinteren.[2] Dei grev seg ned og held stort sett fram med å vere inaktive i dei kaldaste periodane.

I fangenskap

endre

Desse reptila er vanlege i marknaden for eksotiske kjæledyr på grunn av sin stort sett rolege natur. Raude tejuar i fangenskap kan bli opptil 20 år gamle. Dei kan trenast med klikklæte og er kjent for å følgje etter eigarane sine.

Kjelder

endre
  1. Cacciali, P., Carreira, S., Fitzgerald, L., Kacoliris, F., Montero, R., Pelegrin, N., Scott, N., Aparicio, J., Moravec, J. & Gonzales, L. 2021. Salvator rufescens. The IUCN Red List of Threatened Species 2021: e.T44579822A44579826. https://dx.doi.org/10.2305/IUCN.UK.2021-2.RLTS.T44579822A44579826.en.
  2. Vinke, Thomas and Vinke, Sabine (2019). «Decline in the Population of the Red Tegu, Salvator rufescens (Günther, 1871): Preliminary Results of a Threats Analysis». Russian Journal of Herpetology (Общество с ограниченной ответственностью Фолиум) 26: 123––134. doi:10.30906/1026-2296-2019-26-3-123-134. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Raud teju