Raudvengmaursmett

art av sporvefuglar

Raudvengmaursmett, Herpsilochmus rufimarginatus, er ein liten maursmett i maurfuglfamilien.

Raudvengmaursmett
Hannfugl i Horto Florestal de São Paulo, Brasil Foto: Dario Sanches
Hannfugl i Horto Florestal de São Paulo, Brasil
Foto: Dario Sanches
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Raudvengmaursmett
Utbreiinga av Raudvengmaursmett
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Maurfuglar Thamnophilidae
Slekt: Herpsilochmus
Art: Raudvengmaursmett H. rufimarginatus
Vitskapleg namn
Herpsilochmus rufimarginatus

Raudvengmaursmett har naturlege habitat i subtropisk eller tropisk tørr skog, i fuktig låglandsskogar, i våt høgland opptil 1150 moh., og tørt buskland. Han finst frå i Panama i nord til Paraguay i sør gjennom landa Argentina, Bolivia, Brasil, Colombia, Ecuador, Peru, Surinam og Venezuela. I Peru lever han i ei smal nord-sør stripe ved foten av austsida av Andes.

Dette er ein fugl på 11,5 cm og han veg ca. 10,5 gram. Hannfuglen har svart krone og stripe gjennom auge, overside og veng er grå og svart med to kvite vengeband. Primærfjørene og nokre sekundærfjører er kraftig raudleg til nøttebrun, strupen nesten kvit og undersida elles lys gul. Hoa liknar, men har raudbrun krone og grønleg overside.

Dei beitar insekt og andre leddyr på bladverk høgt i trekroner, aleine eller i fleirartsflokkar.

Kjelder

endre