Rebecca Nedregotten Strand
Rebecca Nedregotten Strand (fødd 5. november 1980) er ein norsk journalist og tidlegare programleiar i NRK.
Rebecca Nedregotten Strand | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 5. november 1980 (44 år) Ulstein kommune |
Yrke | journalist, programleiar, kulturminneforvalter, faglitterær forfattar |
Strand er frå Ulsteinvik og byrja arbeida ved kulturavdelinga i NRK Hordaland i 2005. Ho har laga reportasjar for Norge Rundt,[1] dokumentarprogram som Kva er det med Flø? (vist 2011) og Mi affære med Cliff Richard, og dessutan var ho med på produksjonen av Norsk attraksjon med Linda Eide.[2] Ho var programleiar for Åpen himmel-episoden som tok for seg pilegrimsgang til Santiago de Compostela. I 2012 gav ho ut ei bok om Sunnmøre.
Rebecca vart i 2013 kjend som programleiar for langvarige minutt for minutt-program og for Nasjonal Vedkveld og Nasjonal Strikkekveld, med Lise-May Spissøy som produsent. Til Grunnlovsjubileet i Noreg i 2014 bidrog ho til 1814 på 24 timer minutt for minutt. I april 2017 leidde ho Reinflytting minutt for minutt med Ronald Pulk for NRK.[3]
Etter å ha vore programleiar for strekninga Eidsvoll-Voss for Sommertoget sommaren 2017, og serien Kari-Anne på Røst (2017–18), vart det i november 2017 kjent at ho slutta i NRK for å verta informasjonssjef for Dovrefjell nasjonalpark.[4][5] Ho vart stasjonert på Hjerkinn og hadde då nettopp teke ein mastergrad i kulturminneforvalting.[6] I 2021 var ho doktorgradsstudent i informasjonsvitskap og media ved Universitetet i Bergen.[7]
Rebecca Nedregotten Strand er syster av popsongaren Sylvia Strand, som representerte Kypros i Eurovision Song Contest 2010 og fekk femteplass.[8]
Utgjevingar
endre- Rebecca Nedregotten Strand og June R. Johansen (foto) (2012). 52 opplevingar på Sunnmøre. Skald forlag.
- Rebecca Nedregotten Strand (2010). 14 bomturar. Skald forlag.
Kjelder
endre- ↑ Rebecca Nedregotten Strand, NRK.no, 6. september 2012.
- ↑ Lene Bjånesøy Engh, Hemmelig forelsket i Cliff Richard i Bergens Tidende den 5. november 2010.
- ↑ Anne Gro Gaup, NRK gumpi jo gárvvis, fargga johttájit davás[daud lenkje], avvir.no, 6. april 2017.
- ↑ Kari-Anne på Røst på web.
- ↑ Slutter i NRK for å spre informasjon om nasjonalparkene i gd.no den 15. november 2017.
- ↑ Ny medarbeider på Hjerkinn Arkivert 2018-02-28 ved Wayback Machine., nasjonalparkstyre.no.
- ↑ Rebecca Nedrebotten Stand, prosjektside ved UiB.
- ↑ Marius Rosbach, - Kvelden blir en kjempefest Arkivert 2021-11-10 ved Wayback Machine. i Sunnmørsposten den 29. mai 2010.
- Denne artikkelen bygger på «Rebecca Nedregotten Strand» frå Wikipedia på bokmål, den 10. november 2021.