Reinleiksmålet karat
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Karat.
Karat (forkorta kt eller ct for engelsk carat[1]) er eit mål for reinleiken eller finleiken av gullegeringar.
Mål
endreSom eit mål på reinleik er ein karat reinleik etter masse:
kor
- er karatmålet for materialet,
- er massen av reint gull eller platina i materialet, og
- er totalmassen til materialet.
24-karat gull har derfor ein reinleik på (99,9 % Au w/w), 18-karat gull har 75 % gull, 12-karat gull har 50 % gull, osb.
Historisk, i England, vart karat delt inn i 4 grains, og ein grain vart delt inn i 4 quarts. Til dømes, ei gullegering med finleik (som har 99,2 % reinleik) kunne ha blitt omtalt som 23-carat, 3-grain, 1-quart gull.
Karatsystemet blei gradvis komplementert eller avløyst av tusendels-finleikssystemet der reinleiken er oppgitt som tusendelar av reint metall i legeringa.
Dei vanlegaste karata nytta i gull er i barrer, smykkelaging og av gullsmedar er:
- 24 karat (millesimal fineness 999 eller høgare)
- 22 karat (millesimal fineness 916)
- 21 karat (millesimal fineness 875)
- 20 karat (millesimal fineness 833)
- 18 karat (millesimal fineness 750)
- 15 karat (millesimal fineness 625)
- 14 karat (millesimal fineness 585)
- 10 karat (millesimal fineness 417)
- 9 karat (millesimal fineness 375)
- 8 karat (millesimal fineness 333)
- 1 karat (millesimal fineness 042)
Terminologi
endreIndia
endre22/22K - eit kvalitetsstempel som indikerer kor reint gullet er. Bruken er veldig populær i India. Denne terminologien for å oppgi reinleil vart først tatt i bruk av dei store juvelarane og vart seinare gitt vidare til gullsmedane. Det første 22-talet refererer til kor reint det øvste laget (Skin purity) er på gullsmykke. Det andre 22-talet refererer til at etter nedsmelting vil reinleiken av gullsmykket vere 22 karat eller 91,67% reint gull. Systemet er nytta til å syne konsistensen i gullkvaliteten.
Denne bruken vart utvikla og tatt i bruk tidleg på 1980-talet av Nemichand Bamalwa & Sons i Kolkata. Det førte til ein revolusjon i India i det det tvinga juvelerane til oppgi det riktige gullinnhaldet etter nedsmelting. Kundane sin auka interesse for kvalitet gjorde dette til det mest ettertrakta kvalitetsstempel eller -merke.
Dette symbolet eller stempelet er særs populært i gullsmedbutikkar i asiatiske land som India, Sri Lanka, Pakistan, Bangladesh, Nepal, Yemen og landa ved Persiabukta.
Chuk Kam
endreChuk Kam (足金) på kantonsk tyder reint gull, ordrett 'eksakt gull'. Det er definert som minst 99,0% gull med ein tillaten 1,0% negativ toleranse.[2][3] Gullinnhaldet er garantert ved Certificate of Gold ved kjøp i Hong Kong og Macau.
USA
endreI USA har Federal Trade Commission (FTC) lovgitt og standardisert karatmerkinga nytta i om lag 70 år. Etter denne skal objekt med 10 karat eller meir vere stempla med anten «K» eller «Kt.» Desimalmerking er òg mogleg etter CFTC-reglane. Det er forbode ved lov å oppgi for høg karat i USA. Straffa, i form av bøter og liknande, er avhengig av kor alvorleg overskridinga er.
I tillegg er det ein del ekstra krav knytt til karatmerkinga i USA (alltid merkt med ein «K» og aldri «C») som avheng av ulike krav til lodding når ein til dømes sett inn steinar, monterer kroner eller sett på utstikk.[4]
Internasjonale karatmål for gullsmykke
endreRegion[2] | Typiske karatmål (finleik) |
---|---|
Arabarlanda, Fjerne austen (China, Hong Kong, Taiwan) | 24 karat Chuk Kam (99,0% min) |
Arabarlanda, Bangladesh, India, Pakistan og Sri Lanka | 22 karat (91,6%) |
Arabarlanda ved Persiabukta | 21 karat (87,5%), 18 carat (75,0%) i det meste av Egypt |
Sør-Europa / Mellomhavslanda | 18 karat (75,0%) |
Nord-Europa / USA etc | 8-18 karat (33,3 - 75,0%) |
Russland / tidlegare USSR | 9 (37,5%) og 14 karat / gammal 583 og ny 585 проба (58.5%) |
Portugal | 19,2 carat (80,0%) |
Referansar
endre- ↑ I USA og Canada er stavinga karat nytta, medan i Storbritannia skriv ein carat
- ↑ 2,0 2,1 World Gold Council (2003)
- ↑ Fallon, (2006)
- ↑ Title 16: Commercial Practices: PART 23—GUIDES FOR THE JEWELRY, PRECIOUS METALS, AND PEWTER INDUSTRIES, arkivert frå originalen 26. april 2011, henta 29. august 2010
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Carat (purity» frå Wikipedia på engelsk, den 29. august 2010.
- Fallon, S. (2006) Hong Kong & Macau, 12th ed., Melbourne; London: Lonely Planet, ISBN 1-7405-9843-1
- Harper, D. (2001) "Carat", in: Online Etymological Dictionary, accessed 28 August 2007
- New Scientist (2006) Did carob seeds allow shady diamond deals?, New Scientist magazine, 2550 (9 May), p. 20
- Turnbull, L.A., Santamaria, L., Martorell, T., Rallo, J. and Hector, A. (2006) "Seed size variability: from carob to carats[daud lenkje]", Biology Letters, 2 (3: September 22), p. 397–400, DOI 10.1098/rsbl.2006.0476
- World Gold Council (2003) The Karatage System For Gold Jewellery, Online article accessed 28 August 2007