Relayer
Studioalbum av Yes
Språk engelsk
Utgjeve 28. november 1974
Innspelt Seinsommmaren og hausten 1974
Studio New Pipers i Virginia Water i Surrey
Sjanger Progressiv rock
Lengd 40:31
Selskap Atlantic
Produsent
Yes-kronologi 
Tales from Topographic Oceans
(1973)
Relayer Yesterdays
(1975)


Singlar frå Relayer
  1. «Soon (from 'The Gates of Delirium')»
    Utgjeve: 8. januar 1975

Relayer er det sjuande studioalbumet til det engelske progressiv rock-bandet Yes, og kom ut i desember 1974. Det er òg det einaste studioalbumet frå Yes der Patrick Moraz medverkar. Han erstatta Rick Wakemankeyboard etter at Wakeman forlét bandet i mai 1974. Vangelis var òg ein av kandidatane til å erstatte Wakeman, men på grunn av bakgrunnen sin innan jazz vart Moraz føretrekt. Albumet har då òg eit klart jazz-inspirert lydbilete.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars[1]
Pitchfork5.3/10[2]
The Daily VaultB+[3]
Sea of Tranquility4.5/5 stars[4]

Albumet kom på femteplass på Billboard 200 i USA, på fjerdeplass på UK Albums Chart i Storbritannia[5] og på 18. plass på VG-lista topp 40 i Noreg.[6]

Struktur endre

Namnet Relayer er henta frå teksta til låten «The Remembering (High the Memory)» frå det føregåande albumet Tales from Topographic Oceans. Albumet har same format som Close to the Edge, med ein episk komposisjon på over 20 minutt og to mindre på ca ni minutt, sjølv om musikkstilen er litt annleis. Her er det improvisasjon som er hovudpoenget.

Den episke komposisjonen «The Gates of Delirium» er inspirert av Leo Tolstoj-boka Krig og fred. Han inneheld lengre improvisasjonar frå alle medlemmane, og har nokre av dei mest aggressive musikkpassasjane Yes har spelt inn. Han er ikkje delt inn i satsar med eigne titlar slik komposisjonen «Close to the Edge» er, men ein kan høyre tre klårt ulike moment. I innleiinga kallar ein saman troppane, og ein gjer klar til strid. I det andre partiet høyrest korleis instrumenta aggressivt krasjar i kvarandre for å skildre slaget. I avslutninga kjem eit stille og sørgmodig, nærast sentimentalt parti som skildrar våpenstilla og sorga over dei falne i slaget. Avslutninga vart i redigert utgåve utgjeve som singelen «Soon».

«Sound Chaser» er spor nummer to, og er ei rein øving i instrumental jazz-improvisasjon. Vill og synkopert, men òg disiplinert, motsetnadene mellom fridom og disiplin innan musikk vert framheve. Spor nummer tre, som er den country og asiatisk-inspirerte «To Be Over», er ein ven, melodisk men kompleks komposisjon der samspelet mellom tangentane og gitarstrengene driv musikken til eit nesten tårevått avslutningsparti.

Yes har på dette albumet nytta fleire instrument som er unike, i og med at Patrick Moraz tok i bruk fleire prototypar av synthesizerar som anten vart modifisert før dei vart lagt ut for sal, eller som aldri kom i produksjon. Dessutan nytta dei metall-skrap som dei slo mot kvarandre for å illustrere krigen (sverd mot rustning) i «The Gates of Delirium».

Sporliste endre

Tekst og musikk av Jon Anderson, Chris Squire, Steve Howe, Alan White og Patrick Moraz.

Nr.TittelLengd
1.«The Gates of Delirium»21:50
2.«Sound Chaser»9:26
3.«To Be Over»9:06
Bonusspor 2003-utgåva
Nr.TittelLengd
4.«Soon» (Singelversjon av Jon Anderson)4:18
5.«Sound Chaser» (Singelversjon)3:13
6.«The Gates of Delirium» (Studiogjennomgang)21:16

Medverkande endre

Ny-utgjevingar endre

  • 1988 – Atlantic – CD
  • 1994 – Atlantic – CD (Remaster)
  • 2001 – Japansk Limited Edition
  • 2003 – Rhino – LP & CD (Remaster med bonusspor)

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre