The Gates of Delirium

The Gates of Delirium
Song av Yes
frå albumet Relayer
Utgjeve November 1974
Innspelt 1974
Sjanger Progressiv rock, hardrock
Lengd 21:56
Selskap Atlantic
Komponist Chris Squire, Alan White i Yes, Jon Anderson, Patrick Moraz, Steve Howe
Tekstforfattar Alan White i Yes, Steve Howe, Jon Anderson, Patrick Moraz, Chris Squire
Låtskrivar(ar) Yes
Produsent Yes og Eddie Offord

«The Gates of Delirium» er det første sporet på albumet Relayer, utgjeve av det engelske progressiv rock-bandet Yes i 1974. Dette er eit av bandet sine såkalla «episke verk». På den originale LP-utgjevinga utgjorde songen heile side ein med ei lengd på nesten 22 minutt. Dette var, inntil ny-utgjevinga av Tales from Topographic Oceans med den utvida versjonen av «The Revealing Science of God (Dance of the Dawn)», den lengste songen utgjeve av bandet. På konsertalbumet Yesshows finst det ein 22 minutt og 40 sekund lang versjon av songen.

Struktur endre

Songen er lausleg basert på Leo Tolstoj-boka Krig og fred, og byrjar med eit preludium som skal illustrere samling av krigsmenn og førebuinga deira på krig. Den første vokale seksjonen underbygger dette ved at teksten er ein slags agiterande tale som skal motivere dei som skal ut i strid. Så kjem ein lengre instrumental seksjon som skal illustrere slaget. Det er her brukt metallskrap og brukte bildelar som perkusjon, i tillegg til ordinært slagverk. Tempoet er frenetisk og aggressivt, og metallet som smell mot kvarandre skal førestille lydar av sverd mot skjold og eksplosjonar. Den siste seksjonen av songen skal representere tida etter slaget er over, med sorg og ettertanke. Musikken er sørgmodig og nesten tårevåt, medan teksten fortel om krigen sin fælslege handlingar. Dette siste partiet av songen vart i redigert utgåve utgjeve i 1975 som singelen «Soon».

Konsertversjonar endre

Heile «The Gates of Delirium» endre

Han vart framført i heilskapen sin under alle konsertar mellom utgjevingane av albuma Relayer og Going for the One. Han vart igjen framført under «Masterworks»-turneen i 2000, då han fekk flest stemmar av publikum under ei internett-avstemming bandet gjorde for å avgjere kva for songar som skulle framførast under turneen.[1] Yes hadde heile songen med òg under Magnification-turneen i 2001.[2]

Offisielle konsertopptak av «The Gates of Delirium» finst på:

  • Yesshows, utgjeve i 1980. Innspelt i Cobo Hall, Detroit, 17. august 1976
  • Symphonic Live, utgjeve på DVD i 2002 og på CD i 2009. Innspelt i oktober 2001.

«Soon» endre

Elles har berre «Soon» vorte framført under konsertane.[3]

Versjonen på ny-utgjevinga frå 2003 endre

På ny-utgjevinga finst det som «bonus-spor» eit opptak av heile songen under ei bandøving. Denne versjonen er noko kortare enn den offisielt utgjevne versjonen, og han ber preg av å faktisk vere ei øving. Det er ikkje oppgjeve nokon dato for innspelinga av denne versjonen.

Medverkande endre

På originalinnspelinga frå 1974 medverkar:

Kjelder endre