René de Froulay de Tessé

René de Froulay, comte de Tessé (14. mai 164830. mars 1725) var ein fransk marskalk og diplomat.

René de Froulay de Tessé

Fødd14. mai 1648
FødestadLe Mans
Død30. mars 1725
DødsstadYerres
Rangmarskalk av Frankrike
KonfliktarDen fransk-nederlandske krigen, Niårskrigen, Den spanske arvefølgjekrigen

Militærkarriere endre

Tessé vart fødd i Le Mans. Den yngre broren Philibert-Emmanuel de Froulay de Tessé vart òg Maréchal de camp. I 1670-åra kjempa han mot nederlendarane i den fransk-nederlandske krigen. Som offiser for dragonane deltok han aktivt i Dragonnade, retta mot hugenottane kring 1685. Han utførte òg den omsynslause og metodiske øydelegginga av Pfalz, etter ordre frå Louvois i januar og februar 1689.

I 1693 forsvarte han festninga Pinerolo.

Han konspirerte med Jeanne Baptiste d'Albert de Luynes (elskarinna til den dåverande hertugen av Savoie) om få barnebarnet til Ludvig XIV gift med prinsesse Marie Adelaide av Savoie.

Han vart fransk marskalk i 1703 og vart i 1704, under den spanske arvefølgjekrigen, utpeikt som øvstkommanderande for dei fransk-spanske soldatane i Spania, i staden for Berwick.

Det første han gjorde var å løyse den dyre omleiringa av Gibraltar, som i byrjinga av 1705 ikkje hadde kome noko veg. Bortsett frå at spanjolane under Villadarias arbeidde sakte, var problemet at den engelsk-nederlandske styrken stadig fekk nye forsyningar sjøvegen. Tessé konkluderte med at det var absolutt naudsynt å ta Gibraltar og dette berre var mogeleg med sterk støtte frå den franske marinen. Den franske skvadronen vart derimot utsletta 21. mars 1705 i slaget ved Cabritaneset og denne planen vart skrinlagt. Tessé avslutta omleiringa mot slutten av April.

Den neste handlinga hans var å møte den allierte-portugisiske invasjonen, kommandert av Henri de Massue, 1. jarl av Galway. Tessé let dei komme eit stykke, men stoppa dei i Badajoz og Alcántara.

I 1706 vart han send for å kringsette Barcelona, medan byen var blokkert sjøvegen av the greven av Toulouse. Sjølv om dei ikkje hadde godt nok artilleri, klarte dei til slutt å skyte tre hol i murane. Før Tessé klarte å bestemme seg for å storme byen eller ikkje, kom den allierte flåten til John Leake for nær, og Toulouse forlet byen med den franske flåten den 10. mai. Tessé avslutta då raskt omleiringa og etterlet mange kanonar, ammunisjon og skadde bak seg. Denne retretten vart rekna som skammeleg og Tessé vart fjerna frå kommandoen. Same dagen som omleiringa vart oppheva var det solformørking over staden.

I 1707 klarte han å hindre Eugene av Savoie i å ta den franske hamnebyen Toulon. Eugene hadde kryssa elva Var den 11. juli, og sjølv om han var hindre av den ineffektive Victor Amadeus II av Savoie, nådde han Frejus, og var i kontakt med Shovell og den britiske flåten den 16. Sommelet til hertugen førte til ytterlegare forseinkingar og gav Berwick tid nok til å sende forsterkingar til marskalk Tessé i Toulon før dei allierte nådde fram den 26. juli. Den 14. august tok Tessé attende alle dei viktige høgdene kring Santa Catarina, som dei allierte hadde storma ei veke tidlegare. Eugene måtte gje opp forsøket på å ta Tolouse og trekte seg attende til andre sida av Var etter å ha tapt 10 000 mann. Det einaste han oppnådde var at franskmennene hadde søkkt heile skvadronen sin på meir enn 50 skip i hamna, og vart dermed ute av stand til å konkurrere med engelskmennene om kontroll over Middelhavet.

Diplomat endre

Mellom 1693 og 1696 utførte han hemmelege forhandlingar med Victor Amadeus II av Savoie, som førte til freden i Ryswick og ekteskapet mellom Victor Amadeus og Anne Marie av Orléans, niesa til kong Ludvig XIV. I 1708 var han ambassadør i Roma. I 1724 var han ambassadør i Spania, og overtydde den tidlegare kong Filip V av Spania om å ta attende trona, etter at sonen og ettefølgjaren Ludvig av Spania døydde.

Han døydde året etter i Grosbois.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: René de Froulay de Tessé