Slade Smashes
Samlealbum av Slade
Utgjeve 1. november 1980
Sjanger
Selskap Polydor
Produsent Chas Chandler
Slade-kronologi 
Return to Base
(1979)
Slade Smashes We'll Bring the House Down
(1981)


Slade Smashes er eit samlealbum av det britiske rockebandet Slade. Det kom ut 1. november 1980 og nådde 21. plassen på den britiske albumlista. Albumet kom ut på Polydor etter at interessa for bandet vart blitt fornya etter ein suksessrik konsert på Readingfestivalen i 1980, som erstattar for Ozzy Osbourne. Albumet inneheld dei fleste av dei største hittane deira frå tidleg og midten av 1970-åra, og tre av singlane deira frå tida etter 1977. Samlinga og det neste studioalbumet We'll Bring the House Down, sikra comebacket deira i Storbritannia og Europa.

Samlinga vart sett saman av Polydor utan at bandet var involvert. I følgje fanklubben til Slade brukte Polydor 250 000 britiske pund på å marknadsføre Slade Smashes!.[1] Albumet vart ein suksess i Storbritannia og nådde 21. plassen der og selde til gullplate i desember for 200 000 selte eksemplar.[2][3]

I eit fanklubbintervju i 1980 sa solovokalisten Noddy Holder om samlinga: «Det var ikkje Readingfestivalen som var årsaka til at albumet kom ut – dei hadde alt planar om å gje ut albumet før me gjorde den konserten.[4] I eit intervju i 1980 i Sounds sa Holder vidare: «Denne samlinga vil gå heim hos fansen, ein sjanse å få alle hittane på ei plate. Men me relaterer oss ikkje til desse på same måten som før. Slike me spelar dei no er heilt lik som på plata uansett.»[5][6] før albumet kom ut var ikkje lenger nokre av singlane deira i sal, utanom «Merry Xmas Everybody».[4]

I desember 1984 selde gitaristen Dave Hill siitt eige eksemplar av gullplata til Slade Smashes! til veldedige føremål. Plata gjekk for 385 pund og vart vist på det britiske TV-showet Saturday Starship.[7]

Mottaking endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [8]
Sounds     [9]
Record Mirror     [10][11]

Då det kom ut skreiv Record Mirror: «Songar som 'Mama Weer All Crazee Now', 'Cum on Feel the Noize', 'Take Me Bak 'Ome', 'Gudbuy T'Jane' og andre på denne samlinga dekkjer tida då Slade og platekjøparane hadde tettast band. Dei som forstod krafta til Slade vil alt ha dei fleste av desse songane i samlinga si. Dei som berre nyleg har funne ut av det vil sjå på dette som ei nyttig, men til sjuande og siste ikkje-tilfredstillande minne om glede og overfloda til Birmingham-kvartetten. Dei som enno ikkje har innsett det kan starte her og så nytte høve til å 'feel the noize' for første gongen.»[11] Sounds skildra albumet som ein «mektig, kjøttfull og spretten samling av tjue tidlause Slade-favorittar». Dei la til: «Denne samlinga er den perfekte påminninga om herlegheita som var, blanda med heftig rock og allsong-pop i ei suveren feiring av upretensiøse gode stunder. Dei er alle her, dei bøllete feilfrie listetoppane.»[12][13]

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Noddy Holder og Jim Lea utanom «My Baby Left Me/That's Alright Mama (Medley)» av Arthur Crudup og «Get Down Get With» av Bobby Marchan..

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Cum on Feel the Noize»4:24
2.«My Friend Stan»2:41
3.«Far Far Away»3:36
4.«Coz I Luv You»3:34
5.«Everyday»3:10
6.«Gypsy Roadhog»3:27
7.«Thanks for the Memory (Wham Bam Thank You Mam)»4:34
8.«Bangin' Man»4:09
9.«In For a Penny»3:36
10.«Skweeze Me Pleeze Me»4:32
Side to
Nr.TittelLengd
1.«Mama Weer All Crazee Now»3:44
2.«Look Wot You Dun»2:51
3.«Take Me Bak 'Ome»3:05
4.«Let's Call It Quits»3:32
5.«Give Us a Goal»2:49
6.«Merry Xmas Everybody»3:42
7.«How Does It Feel?»5:54
8.«My Baby Left Me/That's Alright Mama (Medley)»2:25
9.«Get Down Get With It»3:49
10.«Gudbuy T'Jane»3:31


Salslister endre

Liste (1980) Plassering
Australia (Kent Music Report)[14] 48
UK Albums Chart[15] 21

Medverkande endre

Slade
Andre medverkande

Kjelder endre

  1. «Slade International Fan Club newsletter January-Februar 1981». Sladefanclub.weebly.com. Henta 12. oktober 2021. [daud lenkje]
  2. Slade, We'll Bring The House Down remastered album booklet.
  3. «Home». BPI. Henta 12. oktober 2021. 
  4. 4,0 4,1 Slade International Fan Club newsletter November-Desember 1980
  5. «Tilknytte artiklar Links». Timesup.dsl.pipex.com. 29. oktober 2005. Arkivert frå originalen 28. mars 2012. Henta 12. oktober 2021. 
  6. 15. november 1980 Sounds Magazine Interview – Back From The Dead – Steve Keaton meets Noddy Holder and Jim Lea of Slade
  7. Slade International Fan Club newsletter January–Februar 1986
  8. «Slade Smashes – Slade». AllMusic. Henta 12. oktober 2021. 
  9. «Slade Smashes review». Sladeinengland.co.uk. Arkivert frå originalen 10. september 2012. Henta 12. oktober 2021. 
  10. «Tilknytte artiklar Links». Timesup.dsl.pipex.com. Arkivert frå originalen 23. juli 2018. Henta 12. oktober 2021. 
  11. 11,0 11,1 Record Mirror – 27. november 1980
  12. «Tilknytte artiklar Links». Timesup.dsl.pipex.com. Arkivert frå originalen 23. juli 2018. Henta 12. oktober 2021. 
  13. Sounds – 29. november 1980
  14. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 277. ISBN 0-646-11917-6. 
  15. «Slade | full Official Chart History | Official Charts Company». Officialcharts.com. Henta 12. oktober 2021.