Revebjølle
Revebjølle | |
![]() Revebjølle | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophyta |
Rekkje: | Karplantar Tracheophyta |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Leppeblomordenen Lamiales |
Familie: | Kjempefamilien Plantaginaceae |
Slekt: | Digitalis |
Art: | Revebjølle D. purpurea |
Vitskapleg namn | |
Digitalis purpurea |
Revebjølle (Digitalis purpurea) er ein meterhøg toårig staude av kjempefamilien.
Utsjånad endre
Revebjølla har rundtagga håra blad, nervane trer klårt fram på undersida. Blomsterkrona, som har form som ei bjølle, er purpurraud, blomstrane er dunhåra innvendig. Vanleg høgd er om lag 70 cm, men ho kan verte opptil halvannan meter.
Utbreiing endre
Revebjølla er ein utprega oseanisk art som i Noreg veks naturleg i kyst- og fjordstrok frå Eidanger til Nord-Frøya, Verran og Leka; i Odda opp til 700 moh. I Sverige veks ho i Bohuslän; elles finst ho forvilla i begge landa.
Utom Norden finst revebjølla på dei britiske øyane og langs Atlantarhavskysten av Vest-Europa. I Middelhavet veks ho på Korsika og Sardinia.
Revebjølla veks på tørr jordbotn i skogbryn, gjerne på hogstfelt i lauvskog.
Kultur endre
Revebjølla er ein giftplante som frå gammalt har vore bruka til lækjemiddel, både i folkemedisinen og sidan i lækjevitskapen. Giftstoffa digitoxin, gitoxin og gitalin påverkar hjarteaktiviteten. Til medisinsk bruk vert blad av planten samla under blomstringa og tørka; 2-3 g kan vere døyeleg dose. Symptom på forgifting er oppkast, auka blodtrykk, blåfarging av huda, synsforstyrringar, krampe og hjarteflimmer.
Revebjølla har sidan 1989 vore fylkesblomen i Sogn og Fjordane. Framlegget frå Det Norske Hageselskap og Norsk Botanisk Forening om at revebjølla skulle vera Sogn og Fjordane sin fylkesblom vart vedteke av Fylkestinget 6. juni 1989.
Kjelder endre
- Johannes Lid Norsk og svensk flora Det Norske Samlaget 1974 ISBN 82-521-0297-2
- C.A:M. Lideman Nordens Flora Gyldendal Norsk Forlag 1977 ISBN 82-05-08681-8
- Kleppa, Hermund Revebjølla - Sogn og Fjordane sin fylkesblom