Opna hovudmenyen
Rip It Up
Singel av Little Richard
frå albumet Here's Little Richard
B-side Ready Teddy
Utgjeve Juni 1956
Sjanger Rock and roll
Selskap Specialty
Låtskrivar(ar) Robert Blackwell/John Marascalco
Produsent Robert Blackwell
Little Richard-kronologi
«Long Tall Sally» med «Slippin' and Slidin'»

(1956)

Rip It Up «She's Got It» med «Heeby-Jeebies»

(1956)


Rip It Up
Singel av Bill Haley and his Comets
B-side «Teenager's Mother (Are You Right?)»
Utgjeve 1956
Sjanger Rock and roll
Selskap Decca 30028
Bill Haley and his Comets-kronologi
«Hot Dog Buddy Buddy»

(1956)

Rip It Up «Rudy's Rock»

(1956)


«Rip It Up» er ein song skriven av Robert Blackwell og John Marascalco. Han vart først gjeven ut av Little Richard i juni 1956. Bill Haley and his Comets gav òg ut ein versjon av songen det året. Little Richard-versjonen nådde førsteplassen på R&B Best Sellers-lista i to veker og nådde 17. plassen på poplista.[1] Bill Haley and the Comets-innspelinga nådde 25. plasen på poplista og fjerden plassen på den britiske singellista. Bill Haley and the Comets framførte òg sin versjon av songen i filmen Don't Knock the Rock i 1956, der Little Richard òg deltok.

MedverkandeEndra

Andre versjonarEndra

Songen vart òg spelt inn av Elvis Presley, Chuck Berry, Buddy Holly, Gerry and the Pacemakers og Gene Vincent.

The Everly Brothers spelte inn ein versjon av songen i 1957, og denne nådde 57. plassen på singellista i Australia.

Under Get Back-innspelinga i 1969, spelte The Beatles inn songen som ein del av ein medley med «Shake, Rattle and Roll» og «Blue Suede Shoes». Denne vart gjeven ut i 1996 på albumet Anthology 3. Songen vart spelt i 1975 av John Lennon på albumet hans Rock 'n' Roll, i ein medley med songen «Ready Teddy».

Commander Cody and His Lost Planet Airmen spelte inn songen på albumet Hot Licks, Cold Steel & Truckers Favorites i 1972.

I 1978 gav Billy «Crash» Craddock ut ein versjon av Turning Up And Turning On.

I 1987 spelte Los Lobos inn songen som ein del av filmen La Bamba.

Little Richard song òg songen på PBS-programmet Doo Wop 51.

Alvin and the Chipmunks spelte inn songen for «Film Flam,» ein episode av TV-serien deira.

Den engelske instrumental gruppa The Tornados spelte songen i 1964 alle albuma Away from it All.

Wanda Jackson spelte songen i 2011 på albumet The Party Ain't Over.

Cliff Richard spelte ein versjon av songen på det 100. albumet sitt, The Fabulous Rock 'n' Roll Songbook.

KjelderEndra

  1. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 356.