Trent
Trent er ei av dei største elvane i England. Ho spring ut i Staffordshire, mellom Biddulph og Biddulph Moor, og renn gjennom Midlands inntil ho ved Trent Falls renn saman med Ouse og dannar Humber, som renn derfrå austover til Nordsjøen. Elva er 298 kilometer lang. Ho renn nordover, noko som er uvanleg for engelske elver.
Trent | |||
elv | |||
Trent Bridge med Nottingham i bakgrunnen
| |||
Land | England | ||
---|---|---|---|
Grevskap | Staffordshire, Derbyshire, Leicestershire, Nottinghamshire, Lincolnshire, Yorkshire | ||
Tilløp | |||
• venstre | Dove | ||
• høgre | Mease | ||
Byar | Stoke-on-Trent | ||
Lengd | 298 km | ||
Middelvassføring | 85 m³/s | ||
Kjelde | |||
- stad | Biddulph Moor i Staffordshire, England | ||
• høgd | 275 moh. | ||
- koordinatar | 53°7′4.840″N 2°8′35.952″W / 53.11801111°N 2.14332000°W | ||
Munning | |||
• høgd | 0 moh. | ||
Trent 53°42′N 0°42′W / 53.7°N 0.7°W | |||
Nedslagsfeltet til Trent
| |||
Wikimedia Commons: River Trent |
Trent renn forbi fleire byar, blant anna Stoke-on-Trent, Burton-upon-Trent, Derby, Nottingham, Newark og Scunthorpe.
Dei største sideelvane er Idle, Devon, Erewash, Soar, Derwent, Dove, Mease og Tame.
Trent markerer grensa mellom dei to engelske herolda Norroy og Clarenceaux. «Nord for Trent» er difor ein av fleire definisjonar på avgrensningen mellom Nord- og Sør-England.
Trent Aegir
endrePå visse tider på året kan det på dei nedre, tidvasspåverka delane av Trent finnast ei middels stor tidvassbølgje (opp til 1,5 meter høg), som er kjent som «Trent Aegir». Aegir finst når ein høg springflo møter vasstraumen frå elva, som går i motsett retning.[1] Traktforma på elvemunningen forsterkar denne effekten, og skapar ei stor bølgje som kan merkast så langt oppstraums som til Gainsborough, og nokre gonger endå lengre. Men bølgja kan ikkje gå særleg langt forbi Gainsborough sidan forma på elva reduserer han til ikkje stort meir enn ei krusing. Nord for Newark-on-Trent i Nottinghamshire ligg tersklar i elva som stoppar bølgja fullt.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «River Trent» frå Wikipedia på bokmål, den 3. juli 2011.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Richard Stone, The Riv Trena, (2005), s.9, s.124, Phillimore & Co Ltd, ISBN 1-86077-356-7
Bakgrunnsstoff
endre- Bilete langs Trent i Nottingham, frå Nottingham21
- Trentvassdraget, forskningsprosjekt frå English Heritage og University of Birmingham
- Bilete av Trent i Nottingham Arkivert 2011-10-03 ved Wayback Machine.