Roberto Donadoni

italiensk fotballspelar

Roberto Donadoni (fødd 9. september 1963 i Cisano Bergamasco) er ein italiensk fotballtrenar og tidlegare spelar frå Cisano Bergamasco i Bergamo-provinsen. Tida 1986-96 spelte han for storklubben AC Milan og var med å vinne Europacupen to gongar, Meisterligaen i 1994 og Serie A fem gongar. Han var landslagssjef for Italia frå 2006 til -08 , og er sidan 2012 trenar for Parma FC.

Roberto Donadoni
Personleg informasjon
Fødselsdato 9. september 1963 (60 år)
Fødestad Cisano Bergamasco i Italia
Høgd 173 cm
Posisjon Midtbanespelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1982-1986 Atalanta 96 (5)
1986-1996 Milan 261 (18)
1996-1997 MetroStars 49 (6)
1997-1999 Milan 24 (0)
1999-2000 Al-Ittihad 15 (0)
Totalt 445 (29)
Landslag
1986-1996 Italia 63 (9)
Trenar for
2001-2002 Lecco
2002-2003 Livorno
2003 Genoa
2004-2006 Livorno
2006-2008 Italia
2009 Napoli
2010-2011 Cagliari
2012-2015 Parma
2015-2018 Bologna
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Karriere endre

Klubbspel endre

Donadoni seriedebuterte for Atalanta i 1982, som då spela i Serie B. Han var sentral då klubben vann serien i 1984 og rykte opp i Serie A. Sommaren 1986 gjekk han over til Milan, der han dei neste ti sesongane vanlegvis spelte i ein høgre midtbane-posisjon. I 1988 var han med på å verte italiensk seriemeister, medan klubben den etterfylgjande sesongen vann ein overbevisande siger i Europacupen med 4-0 over Steaua București. Milan forsvarte triumfen i Europacupen i 1990, men der deltok ikkje Donadoni då han var sjukmeld etter ein livstrugande episode i ein tidlegare europacupkamp.

Donadoni og Milan vann tre strake seriemeisterskap åra 1992 til -94. Saman med mellom andre lagkapteinen Franco Baresi og Paolo Maldini var han sentral i det norditalienske storlaget som i 1993 tapte den fyrste finalen i den nystarta Meisterligaen. Året etter vann den klubben same Meisterligaen med heile 4-0 over FC Barcelona i finalekampen. Derimot vart det tap for Ajax då Milan i 1995 spelte sin tredje meisterligafinale på rad. Donadoni vart seriemeister i Italia for femte gong då AC Milan vann Serie A i 1996 med romsleg margin til Juventus.

I 1996 og 1997 spelte Donadoni i vel to sesongar for New York Metrostars. Seint i 1997 vende han tilbake til AC Milan og den kjende midtbaneplassen, men fekk lite speletid i den påfylgjande 1999-sesongen. Han la fotballskoa på hylla etter ein kortare periode i Al-Ittihad i Saudi-Arabia i 1999/2000.

Landslagsspel endre

Donadoni landslagsdebuterte 8. september 1986, straks etter han vart Milan-spelar. Omgåande fekk han plass i den nasjonale fyrsteellevaren og var med å spele Italia til semifinale i EM 1988, og til bronsemedalje etter siger over England i fotball-VM 1990 på italiensk heimebane. I 1994 var han på plass då Italia spelte VM-finale mot Brasil, ein kamp som enda utan skåringar i speletida, men som Brasil vann 3-2 etter straffesparktevling. Han spelte sin 63. og siste landskamp då Italia vart utslått i EM i fotball 1996, etter 0-0 mot Tyskland i innleiingsrunda. Gjennom sine ti år landslagsår skåra han fem landslagsmål, to av dei i ein EM-kvalifiseringskamp mot Ungarn hausten 1991.

 
Roberto Donadoni i 2009

Trenar endre

Etter at han la opp som spelar, trente Donadoni dei italienske klubbane Lecco, Livorno og Genoa 1893. I juli 2006 vart Donadoni tilsett som ny landslagssjef for Italia. Hans fyrste oppgåve vart å leie dei ferske verdsmeistrane gjennom kvalifiseringa til EM 2008, noko han lukkast med. Derimot vart Italia slått ut av EM-turneringa i kvartfinalane, og det italienske fotballforbundet sa opp kontrakten.

Donadoni var i etterttid trenar for Cagliari, Parma og frå 2012 for SS Lazio.

Merittar endre

  • VM-sølv 1994
  • VM-bronse 1990
  • Vinnar av Europacupen 1989 med AC Milan
  • Vinnar av Meisterligaen 1994 med AC Milan
  • Italiensk seriemeister 1988, 1992, 1993, 1994 og 1996 med AC Milan
  • Saudisk meister 2000 med Al-Ittihad

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre