Loránd Eötvös

ungarsk matematikar og fysikar
(Omdirigert frå Roland Eötvös)

Loránd Eötvös [ˈloraːnd ˈøtvøʃ], òg kjend som (baron) Roland (von) Eötvös, (27. juli 18488. april 1919) var ein ungarsk fysikar og fjellklatrar som spelte ei viktig rolle i det intellektuelle og politiske livet i Ungarn på 1800-talet.

Loránd Eötvös

Fødd27. juli 1848
Buda
Død8. april 1919
Budapest
NasjonalitetUngarn
Områdefysikk
Yrkefysikar, matematikar, universitetslærar, akademikar, politikar, ingeniør, oppfinnar
InstitusjonarEötvös Loránd-universitetet
Alma materUniversitetet i Heidelberg
DoktorgradsrettleiarHermann von Helmholtz
Gustav Kirchhoff
Leo Koenigsberger
Robert Wilhelm Bunsen
BarnIlona von Eötvös, Rolanda von Eötvös
MedlemDet ungarske vitskapsakademiet
Det prøyssiske vitskapsakademiet

Virke

endre

I dag er Eötvös mest kjend for arbeid innan overflatespenninga til væsker og gravitasjon, spesielt det svake ekvivalensprinsippet, som fekk tyding for relativitetsteorien, og dessutan tidevannskreftene på overflata til jorda.

Som ungarsk kultur- og undervisningsminister reformerte Loránd Eötvös det høgare skulevesenet i landet og gav matematikkundervisninga ein viktig posisjon. Denne innverknaden varar framleis ved, idet ungarske gymnasiastar hyppig vinn konkurransar som den internasjonale matematikkolympiaden.

Frå 1886 til han døydde underviste Loránd Eötvös ved Universitetet i Budapest.

Eötvös var òg ein kjend fjellklatrar med fleire førsteklatringar i Dolomittane, oftast gjennomført saman med fjellføraren Michael Innerkofler, til dømes Sextener Rotwand 1878.[1][2] Han var dessuten mangeårig president i den ungarske turistsamskipnaden.[3]

Ettermæle

endre
Oppkalla etter Loránd Eötvös
Æresprisar

Kjelder

endre
  1. Most important climbings of Loránd Eötvös, arkivert frå originalen 24. juni 2007, henta 7. november 2013 
  2. Døtrene Ilona og Rolanda von Eötvös var òg kjente fjellklatrarar i Dolomittane: (Climbings of) the whole family Arkivert 2007-06-24 ved Wayback Machine., (Climbings of) Ilona and Rolanda Eötvös Arkivert 2007-06-24 ved Wayback Machine.
  3. The life of Loránd Eötvös, arkivert frå originalen 13. august 2007, henta 7. november 2013 
  4. esa: Basic Measurement Units
  5. 100-års jubileet 6. september 1911

Litteratur

endre
  • Lászlo Kovács: Eötvös Loránd, tudós-tanár. UP, Szombathely 2002, ISBN 963-9290-25-4

Bakgrunnsstoff

endre