Rolf Rämgård (fødd 30. mars 1934) er ein svensk, tidlegare langrennsløpar og politikar for Centerpartiet, busett i Älvdalens kommun. Han vann ein sølvmedalje og ein bronsemedalje under vinterleikane i Squaw Valley i 1960, og var riksdagsrepresentant frå 1974 til -85.

Rolf Rämgård

Statsborgarskap Sverige
Fødd 30. mars 1934 (90 år)
Älvdalen
Yrke langrennsløpar, politikar
Språk svensk
Politisk parti Centerpartiet
Rolf Rämgård på Commons

Langrenn endre

Rämgård deltok i 1958 i sin fyrste internasjonale meisterskap då han i Lahti vart nummer elleve på femmila under verdsmeisterskapen. Same sesongen vart han svensk meister på femmila, ein prestasjon han gjentok året etter.

Under vinter-OL 1960 i Squaw Valley var Rämgård nær ved å vinne 30-kilometren, men hamna tretten sekundar bakom landsmannen Sixten Jernberg i mål. På 50 km kom Rämgård på tredjeplass, i anvend tid over tre minuttar bak finnane Kalevi Hämäläinen og Veikko Hakulinen. Seinare i sesongen vart Rämgård nummer fire på femmila i Holmenkollen, bakom dei tre nordmennene Sverre Stensheim, Oddmund Jensen og Ingmund Holtås.

I sin siste sesong vart Rämgård nummer sju på 50 km i verdsmeisterskapen i Zakopane i Polen. Sidan i sesongen vann han sin største triumf då han gjekk til topps i 30 km i Svenska skidspelen i Falun, fire sekundar føre den nye finske toppløparen, Eero Mäntyranta.

Politikk endre

Same året som han la konkurranseskia på hylla, 1962, fekk Rämgård plass i det lokale landstinget, ein plass han hadde i 36 samfulle år. Han var i lang tid kommunalråd i Älvdalens kommun. I 1974 vart han vald inn i den svenske Riksdagen for Centerpartiet og valkrinsen Kopparbergs län. Han vart gjenvald for to periodar og hadde sete i Riksdagen til 1985.

Kjelder endre