Romani rakkripa
Romani rakkripa eller romani, òg kalla norsk romani, svensk romani, skandoromani, rodi, rotipa[1] eller reisandespråk, er eit språk med hovudsakleg skandinavisk grammatikk og indisk-basert ordforråd som tradisjonelt blir bruka av romanifolket (reisande, taterar, romanoar, romanisæl) i det vestlege Sverige, på Austlandet og i Trøndelag. Romani rakkripa er i Noreg definert som eitt av dei nasjonale minoritetsspråka.[2]
Romani Romani rakripa | ||
Klassifisering | Indoeuropeisk Germansk Nordisk Austnordisk Romani rakkripa | |
Bruk | ||
Tala i | Sverige, Noreg | |
Område | Austlandet, Trøndelag, heile Sverige | |
Romanitalande i alt | 31 000 | |
Rangering | Ikkje topp-100 | |
Skriftsystem | Latinsk | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i | Romanifolk | |
Normert av | ||
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | ||
ISO 639-2 | ||
ISO 639-3 | rmg | |
Glottolog | trav1236
|
Sett som eit romanispråk høyrer romani rakkripa til dei nordlege romanispråka i lag med m.a. finsk romani, sintiromani, dei tre andre greinene er valakisk romani, sentralromani og balkanromani.[3]
Ordtilfang
endreNorsk | Romani | Opphavsspråk |
ein | jikk | ek (hindi) |
to | dy | do (hindi) |
tre | trinn | tīn (hindi) |
fire | sjtar | cār (hindi) |
fem | pansj | pāṃc (hindi) |
seks | sinkus | ? |
sju | efta | häft (farsi) el. epta (gresk) |
åtte | åkta | okhto (gresk) |
ni | enja | ennea (gresk) |
ti | desj, dypansj |
das (hindi) do (hindi)+ pāṃc (hindi) |
jord | pu | bhūmi 'jord' (gamalindisk) |
stor | baro | vaḍrā 'stor' (gamalindisk) |
fole | kuro | ghoṛā 'hest' (gamalindisk) |
vatn | pani | pānīya (gamalindisk) |
mykje | butt | bahut (hindi) |
Gud | Devel | dev (hindi) |
Gud | Adonai | Adonáj (hebraisk) |
flott, stolt | buno | buono (italiensk) |
bok | libri | libre (fransk) |
kvit | blank | blanc (fransk) |
åleine | alonum | alone (engelsk) |
gata | stråtan | straat (nederlandsk) |
vegg | vanta | Wand (tysk) |
elv | flussa | Fluß (tysk) |
vente | bidra | bide (skandinavisk) |
Ordtilfanget i romani ber sterkt preg av historia til romanifolket. Kjernen av ordtilfanget kjem frå dei indoariske språka kring Panjab i Pakistan og det nordvestlege India. Mange ord liknar på dei tilsvarande orda i hindi — slik som tala frå ein til fem. Andre vesentlege kjelder er gresk, slaviske språk, romanske språk og germanske språk. Det finst òg enkelte hebraiske og finske ord i romani.
Mange ord som er innlånte frå skandinavisk er omforma med suffiks som -(d)ra, -us, -is og liknande.
Ordtilfanget i romani er presentert i Ordliste for skandoromani.
Grammatikk
endreGrammatikken står i sterk motsetnad til ordtilfanget i romani rakripa; både syntaksen (setningsoppbyggjinga) og morfologien (systemet av bøyingsendingar) er i det store og heile av sentralskandinavisk type.
Morfologi
endreSubstantiv
endreUbunde eintal |
Bunde eintal |
Ubunde fleirtal |
Bunde fleirtal |
divus (‘dag’) | divusen | divusar | divusane |
bakro (‘sau’; ‘bekre, vêr’) | bakroen | bakroar | bakroane |
Substantiva i romani tek vanlegvis -(a/e)r i ubunde fleirtal, og dei har etterhengd bunden artikkel som i dei fleste nordgermanske språka og målføra. Endingsvokalen i ubunden form blir halden i bøygde former. Typiske endingsvokalar er hankjønnsendinga -o og hokjønnsendinga -i.
Avleiingsendingar inkluderer -ipa (rakra = ‘tala’, rakripa = ‘språk’, ‘tale’; nak = nase, nakkipa = ‘snus’) og -ar (tradra = ‘reise’, tradrar = ‘bil’).
Verb
endreInf. | Pres. | Pret. | Perf. |
dikka (‘sjå’) | dikkar | dikka | kammar dikka |
jia (‘syngje’) | jiar | jia | kammar gia |
ja (‘gå’) | jar | jadde | kammar jadd |
Verba har oftast a-infinitiv på romani. Dei fleste verba blir bøygde som nynorsk kasta. Einstavingsverb blir oftast bøygde om lag som nynorsk ha. Perfektum blir oftast danna med hjelpeverbet kamma (ha). Mange verb, inkludert ord frå germanske språk, har suffikset -(d)ra: bidra (vent), bodra (bu), dindra (tena), dragra (draga, reise).
Syntaks
endreDen grunnleggjande setningsbygnaden i romani er stort sett av SVO-type (Subjekt-Verb-Objekt): Vårsnus rakrar romani (SVO) svarar ordrett til «Vi talar romani». Ved tilføying av adverb først i setninga får vi, som i all skandinavisk, reverseringa SV > VS: Ninna rakrar vårsnus romani (AVSO) «No talar vi romani.»
Kjelder
endre- ↑ Sviggum, Silje Kathrine (17. desember 2022), «Hatprat rammer nasjonale minoriteter: – Visste ikke at jeg er skogfinne», NRK (på norsk bokmål), henta 18. desember 2022
- ↑ «Minoritetsspråkpakten», Regjeringen.no (på norsk bokmål), 27. juli 2022, henta 19. mai 2024
- ↑ For ei klassifisering, sjå romanispråk og ev. Glottolog sitt oversyn over romanispråk
Litteratur
endre- Hancock, Ian: «The Social and Linguistic Development of Scandoromani» Arkivert 2015-01-08 ved Wayback Machine., i Language Contact: Theoretical and Empirical Studies. Berlin: Mouton de Gruyter, 1992.
- Hyltenstam, Kenneth (red.): Sveriges sju inhemska språk : ett minoritetsspråksperspektiv. Lund (Studentlitteratur), ca 1999. (366 s. : ill.) ISBN 91-44-00777-9 (hf.) [1][daud lenkje]
- Iversen, Ragnvald: The Romany language in Norway. (Skrifter / utgitt av det Norske videnskapsakademi i Oslo. II. Historisk-filosofisk klasse ; 1944:3 1) 1944. (275 s.)
- Karlsen, Hermann: Romani-norsk ordbok. Fredrikstad (Stiftelsen Roma), 2000. (90 s.; ill.) [2][daud lenkje]
- Karlsen, Hermann: Vandriar : et enkelt innføringskurs i romani : ved undervisning, skriftlig og på CD. Fredriksstad (Stiftelsen Roma), 2001. Hefte (28 s.) + CD. [3][daud lenkje]
- Karlsen, Ludvig [...] et.al.: Romani-folkets ordbok : Tavringens rakripa = de reisendes språk. 1993. ISBN 82-992363-1-2. [4][daud lenkje]
- Mac Mathúna, Séamus & Ó Corráin, Ailbhe (red.): Minority languages in Scandinavia, Britain and Ireland. (Studia Celtica Upsaliensia ; 3) Uppsala (University of Uppsala); Stockholm (Almqvist & Wiksell International), 1998. (220 s. : ill.) ISBN 91-554-4111-4 (hf.) [5][daud lenkje]
- Sveriges officiella minoritetsspråk : finska, meänkieli, samiska, romani, jiddisch och teckenspråk : en kort presentation. (Skrifter utgivna av Svenska språknämnden ; 86) Stockholm (Norstedt), 2003. (76 s. : ill.) ISBN 91-7297-611-X (hf.) [6][daud lenkje]