Rosefamilien
Rosefamilien (Rosaceae) er ein plantefamilie i ordenen Rosales. Han omfattar over 2000 artar fordelt på 100 planteslekter. Det er òg vanleg å dela han i 4 underfamiliar.
Rosefamilien | |
Utbreiing | |
Utbreiinga av rosefamilien | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrike: | Viridiplantae |
Infrarike: | Streptophyta |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Roseordenen Rosales |
Familie: | Rosefamilien Rosaceae Juss., 1789 |
Artane i rosefamilien gjev oss blant anna eple, pærer, kirsebær, moreller, plommer, bringebær, jordbær, nyper og moltar. Familien er svært utbreidd i Noreg med over 100 artar.
Skildring
endrePlantane i rosefamilien er tofrøblada og frikrona, ofte fleirårige. Blada er spreidde og fjør- eller handnerva. Dei har ofte òg akselblad nede på bladstilken.
Blomane er som regel tokjønna og gjerne regelmessige femtalblomar. Reinrose er eit unntak med åttetalblomar, det same gjeld tepperot og marikåpe som har firetallsblomster.
Fruktene kan vera ei nøtt, ei steinfrukt eller ein kapsel. Mange av plantane får òg falske frukter ved at fruktbotnen skapar ei slags frukt. Dette gjeld til dømes jordbær, der dei eigentlege fruktene sit utanpå bæret, og nyper, der dei ligg inni nypa.
Underfamiliar med kjende slekter
endre- Roseslekta (Rosoideæ)
- Humleblom (Geum)
- Jordbær (Fragaria)
- Marikåper (Alchemilla)
- Mjødurt (Filipendula)
- Mure (Potentilla)
- Rose (Rosa)
- Rubus, til dømes bringebær
- Sanguisorba, til dømes pimpernell
- Epleslekta (kjernefruktslekta) (Maloideae)
- Eple (Malus)
- Hagtorn (Crataegus)
- Kvede (Cydonia)
- Mispel (Cotoneaster)
- Pære (Pyrus)
- Rogn (Sorbus)
- Amelanchier, til dømes søtmispel
- Eriobotrya, til dømes japansk mispel
- Steinfruktslekta (Amygdaloideæ)
- Steinfrukt (Prunus)
- Spireaslekta (Spiraeoideæ)
- Spirea (Spiraea)
- Slekt uklar
- Reinrose (Dryas)