Opna hovudmenyen
Rosenbrysttjukknebb

Status i verda: LC Livskraftig

Rosenbrysttjukknebb Foto: John Harrison
Rosenbrysttjukknebb
Foto: John Harrison
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Cardinalidae
Slekt: Pheucticus
Art: P. ludovicianus
Namn på andre språk
  • Engelsk: Rose-breasted grosbeak
  • Vitskapleg namn
    Pheucticus ludovicianus

    Rosenbrysttjukknebb (Pheucticus ludovicianus) er ein trekkfugl i kardinalfamilien som hekkar i temperert klima i Nord-Amerika og overvintrar i tropisk Amerika.

    SkildringEndra

     
    Hofugl i Quebec, Canada, mai 2011
    Foto: Simon Pierre Barrette

    Dette er ein mellomstor til stor kardinal, ca. 18-20 centimeter, og kroppsvekta kan variere i området 34 til 63 gram.[1] Arten syner stor kjønnsdikromatisme, fargeskilnad i fjørdrakt.

    Fjørdrakta til vaksne hannfuglar har eit svart hovud med strupe og øvre bryst, svarte venger, rygg og hale og ein lys roseraud lapp på brystet; undersida av vengene er svart med ein stor kvit flekk og stort roseraudt område mot armhola. Undersida og overgumpen er kvit. Hannane i ikkje-hekkefjørdrakt har stort sett lyst underparti, augebrynsstripe - supercilium, og kinn. Dei øvre fjørene har brune frynsar, og dei fleste vengefjører har kvite frynsar, noko som gjev eit skjelmønstra utsjånad. Farga gjer vaksne rosenbrysttjukknebb umiskjennelege viss dei blir godt observerte, sjølv i vinterdrakt.

    Den vaksne hoa har mørke gråbrun overside - mørkare på venger og hale, ein kvit supercilium, ei brungul issestripe over toppen av hovudet, og svartstreka kvitt underparti, som bortsett frå i midten av buken har eit brungult fargeskjær. Undersida av vengen er gulaktig, og på overvengen er to kvite flekker synlege om sommaren. Umodne individ er liknande hofuglar, men med rosa i vengeundersidene og mindre framtredande striper og vanlegvis ein lyseraud fargetone i hals og bryst. Ved eitt års alder - i deira første hekkesesong - har hannar overside som fullstendig vaksne hannar i vinterdrakt, og held framleis dei brunare vengene som unge fuglar har.

    Songen er ei dempa mjuk trille, som liknar ein meir raffinert, søtare versjon av vandretrast (Turdus migratorius). Hannar byrjar å synge tidleg, nokon gonger òg når dei framleis er i vinterkvarteret. Ropa er ein metallisk, høgfrekvent 'sjink' eller eit hardt 'skvåk'.

    Distribusjon og habitatEndra

     
    Utbreiing i Nord- og Mellom-Amerika. I tillegg lever dei i nordvestlege Sør-Amerika om vinteren
    ██ Hekkeområde██ Trekkområde██ Overvintring

    Hekkehabitata til rosenbrysttjukknebb finst i opne lauvskogar over det meste av Canada og det nordaustlege USA. Spesielt trekker dei nordlege fuglane sørover gjennom USA austom Rocky Mountains, for å overvintre frå det sørlege Mexico gjennom Mellom-Amerika til Colombia, Ecuador og nordvestlege Venezuela. Dessutan overvintrar dei i Karibia. Den sørlege grensa for overvintringsområdet er uklår og kan rekke inn i nordlege Peru. Om vinteren føretrekker dei meir open skog, eller liknande habitat med ein laus vekst av tre, som skogkantar, parkar, hagar og plantasjar, alt frå havnivå til åsane, t.d. opp til 1 500 moh. i Costa Rica.[2]

    Føda er samansett og varierande med årstida. Om sommaren omtrent halvt om halvt animalsk og vegetarisk, i hekketida opp til 75 % animalsk. Under trekket lever dei av frukter og bær.[1]

    Trekket

    Dei første fuglane forlèt hekkeplassane allereie i august, medan dei siste ikkje kjem tilbake før i midten av slutten av mai. Generelt migrerer dei likevel sørover i slutten av september eller i oktober, og kjem tilbake i slutten av april eller byrjinga av mai. I hekkeperioden er dei nokså territoriale; om vinteren streifar dei rundt i grupper på omtrent ein handfull fuglar, og nokon gonger i større flokkar på eit dusin eller meir.

    Spontant i Noreg

    Ein hannfugl vart ringmerkt på Utsira i Rogaland våren 1977, ein annan same stad hausten same år. I juni 2012 vart ein hannfugl i hekkedrakt fotografert i Engerdal kommune, Hedmark fylke.[3] Rosenbrysttjukknebb dukkar òg opp som ein sjeldan streiffugl andre stader i Vest-Europa, frå Island i nord til Malta i sør.

    Storleiken på populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere noko minkande. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.[4]

    KjelderEndra

    Referansar
    1. 1,0 1,1 Brewer, D. (2019) Rose-breasted Grosbeak (Pheucticus ludovicianus) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 5. oktober 2019
    2. Laverde-R., Oscar; Stiles, F. Gary & Múnera-R., Claudia (2005). «Nuevos registros e inventario de la avifauna de la Serranía de las Quinchas, un área importante para la conservación de las aves (AICA) en Colombia» [New records and updated inventory of the avifauna of the Serranía de las Quinchas, an important bird area (IBA) in Colombia] (PDF). Caldasia (på spansk og engelsk) 27 (2): 247–265. 
    3. «Artsobservasjoner - rapportsystem for arter i Norge». Henta 5. oktober 2019. 
    4. BirdLife International (2019) Species factsheet: Pheucticus ludovicianus. Henta frå http://www.birdlife.org den 5. oktober 2019

    BakgrunnsstoffEndra

      Commons har multimedia som gjeld: Rosenbrysttjukknebb