Ruapehu District
Ruapehu District er eit distrikt sentralt på Nordøya på New Zealand. Det ligg i regionen Manawatu-Wanganui.
Ruapehu District | |||
distrikt | |||
Land | New Zealand | ||
---|---|---|---|
Areal | 2 624,115 km² | ||
Folketal | 13 650 (Estimat i juni 2 008)[1] | ||
Ruapehu District 38°48′14″S 175°15′43″E / 38.804°S 175.262°E | |||
Wikimedia Commons: Ruapehu District | |||
Nettstad: http://www.ruapehudc.govt.nz |
Det har ei flatevidd på 6 730,185 km² og eit folketal på 13 650 (estimat i juni 2008)[1].
Kjennemerke
endreDistriktet er omgjeve av land til alle sider. Her ligg det kjende fjellet Mount Ruapehu, nasjonalparken Tongariro National Park og Raurimu Spiral, ein kjend spiralkonstruksjon på hovudjarnvegslinja på Nordøya (North Island Main Trunk railway line).
Turiststadane Whakapapa, National Park og Ohakune ligg også i distriktet.
Den vesle byen Waiouru, som ligg 815 moh., ligg heilt aust i distriktet og hyser den store militærleiren Waiouru Army Camp.
Den berykta Desert Road ('Øydemarksvegen'), ein del av hovudvegen State Highway 1, startar i distriktet ved Waiouru, og passerer Ruapehu, Ngauruhoe og Tongariro før han endar i Rangipo.
Mudderflaum (lahar) frå kratersjøen på Mount Ruapehu var årsaka til Tangiwaikatastrofen julaftan 1953, der 151 menneske mista livet, då Tangiwaibrua over Whangaehu River fall saman.
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 [1], Statistics New Zealand 23. oktober 2008. "Subnational Population Estimates". Henta 2. juni 2009.
- Denne artikkelen bygger på «Ruapehu District» frå Wikipedia på engelsk, den 4. juni 2009.