Rutger Smith (fødd 9. juli 1981) er ein nederlandsk tidlegare friidrettsutøvar frå Leek som tevla internasjonalt både i kulestøyt og diskoskasting. Han vann i 2005 VM-sølv i kulestøyt og 2007 VM-bronse i diskoskasting. Under europameisterskapen 2012 sikra han seg sølv i kulestøyt og bronse i diskoskasting. Smiths personbeste i kulestøyt er 21,62 meter, oppnådd i 2006, hans lengste diskoskast målte 67,77 meter og er frå 2011.

Rutger Smith


Statsborgarskap Kongeriket Nederlanda
Fødd 9. juli 1981 (42 år)
Groningen
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2004

Utmerkingar

Årets talent

Aktiv endre

Smith vart 1999 junior-europameister i både kulestøyt og diskos, i 2000 junior-verdsmeister i kulestøyt. I Friidretts-EM 2002 i München vart han nummer åtte i kulestøyt med 19,73 meter. Året etter mislukkast han i å kvalifisere seg til VM-finalen i Paris såvel diskos som kule, noko som gjentok seg under Sommar-OL i Aten.

Ved innandørs-EM 2005 tok Smith sølv i kulestøyt med 20,79 m, dansken Joachim B. Olsen vann. Under verdsmeisterskapen 2005 i Helsinki støytte Smith 21,29 meter og vann sølvmedaljen, Adam Nelson frå USA var klar bestemann i tevlinga. I 2006 deltok Smith i begge øvingane då europameisterskapen fann stad i Göteborg, og vart fjerdemann i kulestøyt og kom på sjuandeplass i diskos. Under VM 2007 i Osaka vann han bronsen i diskos med eit kast på 66,42 m, i kulefinalen kom han på fjerdeplass med 21,13 m.

Også under dei olympiske leikane 2008 tok Smith seg til to finalar. I Beijing enda han opp som nummer sju i diskoskasting og nummer ni i kulestøyt. Dei neste åra sleit han med ryggen sin og tevla ikkje att før april 2011. Sommaren 2012 deltok han i EM i friidrett i Helsinki og seinare i sommarleikane i London. I Helsinki vann han sølv i kulestøyt og bronse frå diskosringen. Under London-OL presterte han ikkje like bra og i den hardare konkurransen lukkast han ikkje å få finaleplass i korje øving.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

  • EM 2002 i München: Nr 8 i kulestøyt – 19,73 m
  • VM 2003 i Paris: Utslått i kvalfiseringa i diskoskasting (61,55 m=nr 15) og kulestøyt (19,02 m=nr 25)
  • OL 2004 i Aten: Utslått i kvalfiseringa i kulestøyt (19,69 m=nr 13) og diskoskasting (61,11 m=nr 17)
  • VM 2005 i Helsinki: Sølv i kulestøyt – 21,29 m, bakom Adam Nelson (21,71 m)
  • EM 2006 i Göteborg: Nr 4 i kule – 20,90 m og nr 7 i diskos – 64,46 m
  • VM 2007 i Osaka: Bronse i diskos – 66,42 m og nr 4 i kule – 21,13 m
  • OL 2008 i Beijing: Nr 7 i diskos – 65,39 m og nr 9 i kule – 20,13 m
  • VM 2011 i Daegu: Utslått i kvalifiseringa i diskoskasting (62,12 m=nr 16)
  • EM 2012 i Helsinki: Sølv i kule – 20,55 m og bronse i diskos – 64,02 m
  • OL 2012 i London: Utslått i kvalfiseringa i kulestøyt (20,08 m=nr 14) og diskoskasting (63,09 m=nr 16)
  • EM 2016 i Amsterdam: Nr 11 i diskoskasting – 59,99 m

Kjelder endre