Opna hovudmenyen
Ryøya
Balsfjord Tromsö IMG 4948 straumsfjorden ryöya.JPG
Geografi
Norway - Ryøya.png
Stad Straumsfjorden
Koordinatar 69°33′N 18°44′EKoordinatar: 69°33′N 18°44′E

Areal 1,42 km²

Høgaste punkt 74 moh.
Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Troms

Ryøya er ei øy på rundt 1,42 km² som ligg i Straumsfjorden, strategisk plassert mellom Kvaløya og Malangshalvøya i Tromsø kommune, om lag 15 km sørvest av Tromsø by i luftlinje. Det høgaste punktet på øya er om lag 74 moh. Ryøya består for det meste av lyngkledde rabbar i kupert terreng med spreidd furu- og bjørkeskog. Geologisk sett består Ryøya for det meste av glimmergneis, glimmerskifer og dolomitt.

Mot sør skil Litjestraumen Ryøya frå Malangshalvøya, og i nord skil Rystraumen Ryøya frå Kvaløya. Begge desse to straumane kan komme opp i 7 knop, og kan skape vanskar for båtar og skip av alle storleikar på veg til eller frå Tromsø. Rett oppfor Ryøya ligg Kvaløya med ein populær utfartsstad kalla Hella. Her kan ein oppleve gamle hus frå gamal tid i Tromsø, båttrafikk tett på og ein anerkjend lokasjon for sportsfiskarar.

På Ryøya har Universitetet i Tromsø med det medisinske fakultet, avdeling for Arktisk Biologi, utplassert rundt 20 moskus med tanke på forsking. Moskusane går fritt på heile øya, og spesielt i brunstperioden, tidleg på hausten vert det frårådd mot all ferdsel på Ryøya. Ilandstigning skjer på eige ansvar heile året gjennom.