«S'il vous plaît»
Singel
Land Noreg
Språk Norsk og fransk
Utgjeve 1961
Låtskrivar(ar) Sven Lange og Per Lillo-Stenberg

«S'il vous plaît» er ein norsk song skriven av Sven Lange (melodi) og Per Lillo-Stenberg (tekst).[1] Han var eit av bidraga til Melodi Grand Prix 1961, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 1961 i Cannes i Frankrike, og vart framført av Svein Nilsen og Per Asplin.

Eurovision endre

Melodi Grand Prix 1961 endre

«S'il vous plaît» deltok i Melodi Grand Prix 1961, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 1961 i Cannes i Frankrike. Songen vart framført på norsk av Svein Nilsen med eit lite orkester, og så på nytt av Per Asplin med eit stort orkester. Bidraget enda på tredjeplass med 59 poeng.[2][3] Dette er det fyrste bidraget som vart framført på fransk i Melodi Grand Prix.

Innspelingar endre

Listeplassering endre

Versjonen til deLillos låg på VG-lista i ei veke i 1987 med ein tiandeplass som beste plassering.[4]

Fotnotar endre

  1. «MGP 1961» (på norsk). OGAE Norge. Arkivert frå originalen 13. august 2002. Henta 6. juli 2014. 
  2. «Norway 1961» (på engelsk). esc-history.com. Henta 15. juni 2014. 
  3. «NORWEGIAN FINAL 1961» (på engelsk). natfinals.50webs.com. Henta 15. juni 2014. 
  4. deLillos VG-lista