Melodi Grand Prix 1961
Melodi Grand Prix 1961 var den andre tilskipinga av Melodi Grand Prix, den nasjonale uttakinga til Eurovision Song Contest i Noreg. Finalen blei send direkte på radio og fjernsyn frå Store Studio 18. februar 1961. Vinnaren blei «Sommer i Palma», sungen av Per Asplin med Willy Andresens kvartett, og Nora Brockstedt med Kringkastingsorkestret. Vinnarsongen var skriven av Jan Wølner og Egil Hagen. I den internasjonale finalen i Cannes stilte Nora Brockstedt for Noreg for andre år på rad. Det norske bidraget enda på ein 7. plass med 10 røyster.
Melodi Grand Prix 1961 | ||||
---|---|---|---|---|
Dato | ||||
Finale | 18. februar 1961 | |||
Vertskap | ||||
Finale | Store Studio, NRK Marienlyst, Oslo | |||
Programleiarar | Erik Diesen og Odd Grythe | |||
Kringkastar | Norsk rikskringkasting | |||
Deltakarar | ||||
Deltakarar | 5 | |||
Vinnar | ||||
Song | «Sommer i Palma» | |||
Artist | Per Asplin/Nora Brockstedt | |||
Resultat i Eurovision Song Contest 1961 | ||||
Finalepoeng | 10 | |||
Finaleplass | 7. | |||
Noreg i Eurovision Song Contest | ||||
|
Sendinga
endreNRK fekk inn 349 melodiar i den opne konkurransen og fekk hjelp av TONO til å plukke ut fem av dei til å delta i finalen. Både NRK og TONO var skuffa over nivået på dei innsende bidraga, og juryformann Ragnar Kierulf sa til VG at det var ein enkel jobb å velje ut dei fem finalebidraga.[1]
For å vise breidda av dei fem finalelåtane, avgjorde NRK at kvar melodi skulle framførast to gongar. Først med ein artist og eit mindre orkester, så med ein ny artist akkompagnert av Kringkastingsorkestret. I 1961 var det Willy Andresens kvartett som var det litle orkesteret. Todelinga blei gjort for å gi jurymedlemmane eit betre grunnlag når dei skulle vurdere bidraga. Systemet med lite og stort orkester blei brukt nesten kvart år fram til 1977, då NRK kvitta seg med ordninga for godt.
Til å kåre ein vinnar hadde NRK henta inn ti jurymedlemmar: fem musikkjournalistar, og fem representantar frå publikum. Som året før var Erik Diesen programleiar, mens Odd Grythe rapporterte frå Studio B, der juryen sat.[2]
Resultat
endreJuryen hadde ti personar som kvar gav frå 1 til 10 poeng til kvart bidrag:[3]
Nr. | Tittel | Artist, lite orkester | Artist, stort orkester | Komponist | Tekstforfattar | Poeng | Plass |
---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | «Snu deg om» | Nora Brockstedt | Svein Nilsen | Bjørn Hellandsjø | 64 | 2 | |
2 | «Far cha-cha» | Sølvi Wang | Grynet Molvig | Karl Westby | Alf Prøysen | 57 | 4 |
3 | «S'il vous plaît» | Svein Nilsen | Per Asplin | Sven Lange | Per Lillo-Stenberg | 59 | 3 |
4 | «Ingen blomster til meg» | Grynet Molvig | Sølvi Wang | John Lind | Olav Varen | 55 | 5 |
5 | «Sommer i Palma» | Per Asplin | Nora Brockstedt | Jan Wølner | Egil Hagen | 70 | 1 |
Røysting
endreEin jury på fem musikkjournalistar og fem publikumsrepresentantar avgjorde resultatet i finalen. Kvar jurymedlem gav frå 1 til 10 poeng til kvar song. Under røystinga sat dei i kvar sin stemmeboks og synte røystene sine anonymt. Ordninga blei kritisert av Aftenposten, som meinte jurymedlemmane burde «ha mot til åpent å tilkjennegi sin mening» når dei hadde teke på seg eit «så viktig verv som å gradere fem kandidater til en internasjonal konkurranse».[2] Detaljane frå røystinga er ikkje kjende.
Musikkjournalistane var: Espen Eriksen (VG), Rolf E. Schade (Arbeiderbladet), Syver Reff (Aftenposten), Thor von Krogh (Morgenbladet) og Karl Emil Hagelund (Dagbladet). Dei fem folkedommarane var: Miss Norway-vinnar Ragnhild Aass, student Else Marie Timenes, konsulent Oddvar Bie Mevik, gymnasiast Ragnar Kvam og industriskuleelev Britt Bruskeland.[4]
Hendingar
endreI likskap med NRK og TONO var heller ikkje pressa særleg imponert over nivået på finalelåtene. VG karakteriserte juryen sin jobb følgjande: «I stedet for å finne ut hvilken melodi som var den beste, ble deres oppgave å finne ut hvilken som var minst dårlig.» Avisa skreiv vidare at ingen av finalelåtene «utmerket seg med iørefallenhet eller umiddelbar sjarme.»[5]
Aftenposten var derimot meir positiv og meinte vinnarlåta hadde eit internasjonalt tilsnitt. Avisa rosa også finalesendinga: «Bortsett fra selve konkurransen kan man se på forestillingen som førsteklasses musikalsk underholdning.»[2]
Allereie før finalen spekulerte pressa på om NRK ville sende Grynet Molvig til å representere Noreg i Cannes. VG meinte Molvig var det rette valet, fordi ho «er både ung og pen, synger godt, fotograferer godt, og smiler pent.»[1] Etter finalen meinte VG at Per Asplin måtte få syngje Noregs bidrag, men til slutt avgjorde NRK at Nora Brockstedt nok ein gong skulle få representere Noreg i konkurransen.[5]
Trass kritikken over kvaliteten på bidraga blei «Sommer i Palma» spelt inn i franske og svenske versjonar etter Eurovision Song Contest. Tredjeplassen, «S'il vous plaît», blei også ein hit – 26 år seinare. Songen er skriven av mellom anna Per Lillo-Stenberg, far til Lars Lillo-Stenberg i bandet deLillos. I 1987 spelte gruppa inn «S'il vous plaît» i ny versjon og gav han ut. Nyinnspelinga tok seg inn på VG-lista hausten 1987.[6]
Alf Prøysen skreiv teksten til låta «Far cha-cha».
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «Ingen gleder seg til melodifinalen i TV i kveld». Verdens Gang. 18. februar 1961. s. 4.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Septim. (sign.) (20. februar 1961). «Vellykket norsk finale i Melodi Grand Prix 1961». Aftenposten. s. 5.
- ↑ OGAE Norway. «1961 – Oslo (arkivert side)». OGAE Norway/webarchive.org. Besøkt 30. august 2016.
- ↑ «Notepugg foran melodifinale». Aftenposten. 17. februar 1961. s. 1.
- ↑ 5,0 5,1 eps. (signatur) (20. februar 1961). «La Per Asplin få reise til melodi-finalen i Cannes». Verdens Gang. s. 5.
- ↑ «Si'l vous plaît på VG-lista».