Søren

mannsnamn
(Omdirigert frå Sören)

Søren er eit mannsnamn danna som ei dansk form av Severin. Det har namnedag den 23. oktober.

Severin stammar frå Severinus som igjen kjem frå Severus og tyder 'alvorleg, streng'. Det danske namnet blei opphavleg skrive Seffren, Søffren og liknande.

Bruk endre

Historisk utvikling av populariteten til namnet Søren i Noreg.[1][2]

Søren er mykje brukt i Danmark, og i 2009 var det det 6. mest utbreidde namnet.

Namnet er kjend i Noreg frå 1400-talet. Det var mykje brukt som døypenamn på 1700-talet og byrjinga av 1800-talet.

Namneberarar endre

 
Søren Jaabæk

Annan bruk endre

Søren og Mette er tittelen på ein utbreidd dansk lærebokserie i dansk.

På norsk er «søren» også eit utropsord, danna som ei omskriving av Satan.

Kjelder endre

Fotnotar
  1. «Navnestatistikk». Statistisk sentralbyrå.  Statistikk for navn i Norge
  2. «Digitalarkivet». Arkivverket.  Folketellinger i Norge