Søren T. Årstad

norsk politikar
(Omdirigert frå Søren Tobias Årstad)

Søren Tobias Årstad (2. juni 186111. januar 1928) var ein norsk jurist, stortingsrepresentant og statsråd frå Stavanger.

Søren T. Årstad

Statsborgarskap Noreg
Fødd 2. juni 1861
Stavanger kommune
Død

11. januar 1928 (66 år)

Yrke politikar
Språk norsk
Politisk parti Venstre

Årstad var son av ein kjøpmann i Stavanger. Han vart student i 1879 og tok juridisk embetseksamen i 1885. Same året slo han seg ned i heimbyen som overrettssakførar.

Årstad var ordførar i Stavanger 1891-92. Perioden 1898-1900 var han stortingsmann for Venstre som 1. representant frå Stavanger og Haugesund. Han var formann i konstitusjonskomiteen og medlem av Lagtinget. Seinare, 1913-15, var han atter stortingsmann, då som representant for einmannskrinsen Holmen krins i Stavanger. Stortingspresident i 1913, formann i reguleringskomiteen, sekretær i fullmaktskomiteen og nestformann i valkomiteen, samt medlem av Lagtinget.

Årstad var statsråd i den andre Steen-regjeringa frå 1900 til 1903, fyrst som finansminister, deretter ved statsrådsavdelinga i Stockholm, og til sist som justisminister.

Frå 1903 til 1926 var han sorenskrivar i Ryfylke.

Årstad døydde i Stavanger 1928.

Kjelder

endre
  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914