Sakhalinsnipe

fugleart
Sakhalinsnipe
Illustrasjon: Joseph Smit, 1883
Illustrasjon: Joseph Smit, 1883
Status
Status i verda: EN Sterkt truga
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Snipefamilien Scolopacidae
Slekt: Tringa
Art: Sakhalinsnipe T. guttifer
Vitskapleg namn
Tringa guttifer

Sakhalinsnipe (Tringa guttifer) er ein sterkt truga fugleart og mellomstor vadefugl i snipefamilien, stadeigen til Aust-Asia. Sakhalinsnipa er ein trekkfugl som dreg frå kystane av Okhotskhavet og Sakhalin sørvestover til fleire åtskilte område om hausten, lengst nord mot Bengalbukta, samt kystar av Malayahalvøya, Sumatra, nordkysten av Borneo og moglegvis fleire.

Skildring endre

 
Sakhalinsnipe i vinterdrakt
Foto: Jason Thompson

Denne medlemmen av Tringa-slekta når ei lengd 29-32 centimeter og ei kroppsvekt på 136-158 gram.[1] Nebbet er nesten rett, men umerkeleg bøygd opp og er tofarga, med svart farge mot spissen og ei gulgrønleg farge frå midten inn mot nebbrota. Auga er mørk brune. Dei korte beina er gulfarga. Mellom dei tre framtærne har dei ein rest av symjehud. Den mørke oversida av vaksne fuglar i hekketida har distinkte kvite prikkar. Det kvite hovudet og øvre nakke området er sterkt stripla. Nedre delen av halsen brystet er kvitt og prega av ulike gråsvarte, halvmånefarga flekker. Flankane, buken og overgumpen er kvite. Under kan dei syne kvite vengdekkfjører og ein heller gråfarga hale. Ungfuglar har brunare farge enn vaksne fuglar i vinterdrakt.

Lætet kan vere ei einstaving som høyrest ut som eit nasalt og skrapande 'griik' eller 'gwaak', men kan òg vere eit kraftfullt 'kijiv'.[1]

Sakhalinsnipa hekkar i Russland langs kysten på Okhotskhavet og øya Sakhalin. Overvintringsområda er ikkje godt kartlagde, men kjente stader ligg i Bengalbukta i austlegaste India, Bangladesh og Myanmar. Dessutan kystar av Malayahalvøya, Borneo og Sumatra, moglegvis òg i Japan, Sør-Korea, austlege Kina, Taiwan og Filippinane.

Trekket til overvintringsområda byrjar hos vaksne fuglar like etter klekking og fell følgjeleg hovudsakleg i månadene juli og august. Ungfuglane trekkjer først frå slutten august mot midten av september. Dei kjem attende til hekkeplassane frå midten av mai av.

Hekkehabitata består av område med sparsom lerkvegetasjon for reirplassar og fuktige kystnære enger og kystnære farvatn for beite. Overvintringsområda ligg på elvemunningar, på mudderflater, i låglandssumpar og nokon gonger på fuktige enger, saltsletter og rismarker. Føda er ofte småfisk, i hekkesesongen stingsild. Anna ingrediensar er små krepsdyr, børstemark, insekt, og utanfor hekkesesongen krabbar.[1]

Sakhalinsnipa er ein av få artar i ordenen vade-, måse- og alkefuglar som byggjer eit verkeleg reir og ikkje berre legg egga på bakken. Som reirmateralar brukast lerkkvistar, mose og lav. I motsetnad til dei fleste vadefuglar, bygger ho reiret i greinene på ein lerk, vanlegvis to til fire meter over bakken. Som hos andre sniper er ungane reirflyktarar og hoppar ut av reiret like etter klekking. Begge foreldra er involverte i reirbygging, ruging og omsut for ungane.

Offisielt estimat på populasjonen er på mellom 500 og 1000 attlevande individ per 1989.[2] Estimatet er usikkert og i 2013 vart det oppdaga 1200 sakhalinsniper på kysten av Jiangsu i Kina.[3]

IUCN klassifiserer sakhalinsnipa som ein sterkt truga art, med statuskode EN. Populasjonen er trudd å vere i tilbakegang.[2]

Kjelder endre

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 Van Gils, J., Wiersma, P. & Kirwan, G.M. (2016). Nordmann's Greenshank (Tringa guttifer) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 13. juli 2016
  2. 2,0 2,1 BirdLife International (2016) Species factsheet: Tringa guttifer. Henta frå http://www.birdlife.org den 13. juli 2016
  3. Melding frå «skeisnipe-arbeisgruppa», Shanghai, oktober 2013. Henta 13. juli 2016

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sakhalinsnipe