Sakharovprisen for tankefridom er ei internasjonal utmerking. Ho vert delt ut kvar 10. desember av Europaparlamentet til personar eller organisasjonar som kjempar for menneskerettar. Prisen er oppkalla etter den russiske dissidenten, menneskerettsforkjemparen og fredsprisvinnaren Andrej Sakharov. Med prisen følgjer prispengar på 50 000 euro (2013).

Denis Mukwege mottok Sakharovprisen for 2014
Malala Yousafzai mottok prisen for 2013. Her saman med Europaparlamentets president Martin Schulz
Dek kubanske regimekritikaren Guillermo Fariñas vart tildelt prisen for 2010. Her frå overrekkelsen i 2013
Utdeling av prisen for 2009 i Europaparlamentet. Prisen gjekk til den russiske menneskerettsorganisasjonen Memorial

Prisvinnarar endre

  • 1988 Nelson Mandela (leiar for ANC) og Anatoli Martsjenko (sovjetisk dissident)
  • 1989 Alexander Dubček (tsjekkoslovakisk politikar og sentral under Prahavåren)
  • 1990 Aung San Suu Kyi (opposisjonsleiar i Burma)
  • 1991 Adem Demaçi (albansk forfattar)
  • 1992 Las Madres dei la Plaza dei Mayo (argentinsk menneskerettsorganisasjon)
  • 1993 Oslobodjenje (avis i Sarajevo)
  • 1994 Taslima Nasreen (forfattar frå Bangladesh)
  • 1995 Leyla Zana (kurdisk politikar)
  • 1996 Wei Jingsheng (kinesisk regimekritikar)
  • 1997 Salima Ghezali (journalist og menneskerettsaktivist frå Algerie)
  • 1998 Ibrahim Rugova (leiar for Kosovoalbanerne)
  • 1999 Xanana Gusmão (leiar for sjølvstenderørsla på Aust-Timor)
  • 2000 ¡Basta Ya! (spansk organisasjon som er kritisk til ETA-terrorismen)
  • 2001 Izzat Ghazzawi (palestinsk forfattar), Nurit Peled-Elhanan (israelsk akademiker) og Dom Zacarias Kamwenho (erkebiskop av Lubango i Angola)
  • 2002 Oswaldo José Payá Sardiñas (kubansk regimekritikar)
  • 2003 Kofi Annan og alle tilsette i SN
  • 2004 Journalistforbundet i Hviterussland
  • 2005 Kvinner i kvitt (motstandsrørsle på Cuba), Reporterar utan grenser (pressefridomsorganisasjon) og Hauwa Ibrahim (nigeriansk menneskerettsadvokat)
  • 2006: Alaksandar Milinkievič (kviterussisk opposisjonsleiar)
  • 2007: Salih Mahmoud Osman (sudansk menneskerettsadvokat)
  • 2008: Hu Jia (kinesisk menneskerettsaktivist)
  • 2009: Memorial (menneskerettsorganisasjon aktiv i Russland og andre tidlegare sovjetrepublikkar)
  • 2010: Guillermo Fariñas (kubansk regimekritikar)
  • 2011: Asmaa Mahfouz (Egypt), Ahmed al-Senussi (Libya), Razan Zaitouneh (Syria), Ali Farzat (Syria), Mohamed Bouazizi (Tunisia)
  • 2012: Jafar Panahi og Nasrin Sotoudeh, iranske menneskerettighetsforkjempere[1][2]
  • 2013: Malala Yousafzai, pakistansk aktivist[3]
  • 2014: Denis Mukwege, kongolesisk lege[4]
  • 2015: Raif Badawi, saudiarabisk bloggar[5]
  • 2016: Nadia Murad Basee og Lamiya Aji Bashar, begge tilhøyrande jesidiminoriteten i Irak og tidlegare fangar hos ISIL[6]
  • 2017: Den demokratiske opposisjonen i Venezuela[7][8]

Kjelder endre

  1. «Sakharov Prize for Freedom of Thought 2012»
  2. «Sakharov-prisen til iranere»
  3. «Malala Yousafzai wins EU's Sakharov human rights prize»
  4. «DR Congo doctor Denis Mukwege wins Sakharov prize». BBC News. 21. oktober 2014. Henta 22. oktober 2014. 
  5. «Saudi bloggar Raif Badawi awarded Sakharov human rights prize»
  6. «Sakharov prize: Yazidi women win EU freedom prize». BBC News. 27. oktober 2016. Henta 27. oktober 2016. 
  7. «The European Parliament supports human rights». www.europarl.europa.eu. 
  8. «Venezuela opposition wins Sakharov prize». BBC News (på engelsk). 26. oktober 2017. Henta 30. oktober 2017. 

Bakgrunnsstoff endre