Selje

planteart
(Omdirigert frå Salix caprea)
Denne artikkelen handlar om treslaget. For kommunen i Nordfjord, sjå Selje kommune.

Selje (latin Salix caprea) er namnet på eit treslag av vierslekta i vierfamilien. Seljer skil seg ut frå dei fleste andre pilslaga ved at blada er breiare enn dei utprega langsmale pilblada.

Selje
Selje
Selje
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av selje
Utbreiinga av selje
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophytes
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Vierordenen Malpighiales
Familie: Vierfamilien Salicaceae
Slekt: Vierslekta Salix
Art: Selje S. caprea
Vitskapleg namn
Salix caprea

Utsjånad

endre
 
Botanisk teikning av selje.
 
Selje med gåsungar. (Kjelde: biolib.de)

Vekstform

endre

Seljer veks oftast i buskform med fleire stammar som blir kring 2–3 meter høge. Ved einstammig form i godt lys kan selja vakse til tre på 6–14 meters høgd – og unntaksvis opp til 20 m.

Seljeblada er 5–12 cm lange, og grøne på oversida, men gråkvite på undersida. Her er dei kledde med filtaktige hår som truleg har som oppgåve å verna blada mot væsketap.

Blomster

endre

Selja blomstrar tidleg og på berr kvist. Knoppane er verna av eit brunt, blankt skal, medan blomeorgana er verna av grå dun eller pels som gjev dei ein særprega utsjånad. Dei mjuke, avrunda blomane blir gjerne kalla gåsungar.

Dyrefôr

endre

Lauv og greiner av selje blir tradisjonelt bruka til husdyrfôr i norsk landbruk – særleg for sauer og geiter.

Seljefløyte

endre

Når selja er særleg sevjerik kring slutten av mai og utover juni, har det vore vanleg å laga seljefløyter. Desse lagar ein ved å kappe seg eit fingertjukt emne av rett ved utan kvist. Ein kakkar på borken med knivskaftet til borken løysnar frå veden og ein kan vri borken forsiktig laus frå greina utan at han sprekk eller rivnar. Ein følgjer så ein av fleire metodar som alle har til felles at ein brukar ein del av ved-delen av emnet til å laga ein blokk med ein spalte i og eit vinkla dobbeltsnitt i borken slik at fløyta kan blåsast på som ei blokkfløyte. Korte seljefløyter kan vera korte piper med éin tone, dei kan vera stempelpiper med glissandotonar. Dei mest brukande instrumenta er fløyter som er lange nok til at ein kan få fram fleire overtonar på dei ved overblåsing.

 
Gåsungar på hannselja
 
Gåsungar på hoselja vert også kalla pusekattar

Høgtidsbruk

endre

Det er vanleg å taka inn seljegreiner med gåsungar (lodne blomar) på til palmesøndag i mange norske familiar. Nokre stader blir den blomande selja endatil kalla palme i denne samanhengen.

Sjå òg

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre