Opna hovudmenyen

Salman Rushdie (fødd 19. juni 1947) er ein forfattar av romanar og noveller, kjend for fantastisk handling frå det indiske subkontinentet.

Salman Rushdie
Hayfestival-2016-Salman-Rushdie-1-cu.jpg
Fødd 19. juni 1947
Mumbai
Yrke skribent, romanforfattar, essayist, manusforfattar, barnebokforfattar
Salman Rushdie på Commons
Salman Rushdie presenterer Shalimar the Clown i Mountain View i USA.
Foto: Ken Conley

Verka hans er i grenselandet mellom ulike retningar som magisk realisme, postmodernisme og postkolonialisme. Han brukar språket levande, utfordrande og leikande, og eksperimenterer blant anna ved å blande engelsk med uttrykk frå andre språk, særleg urdu og hindi.

Rushdie er ein kontroversiell forfattar, særleg på grunn av boka Sataniske vers, der det blir antyda i ei draumescene at somme av versa i Koranen kan vere skrivne av djevelen. Dette førte til at den iranske leiaren Khomeini sende ut ein fatwa med dødsdom for blasfemi mot Rushdie.

LivEndra

Rushdie vart fødd og voks opp i Bombay i India der han voks opp, men fekk den høgare utdanninga si i England, der han mellom anna studerte historie ved King's College i Cambridge.

Rushdie har sidan fatwaen levd i eksil og under jorda i Storbritannia og seinare USA. Han har vore gift og skild fire gonger, med Clarissa Luard (1976 til 1987, fekk sonen Zafar saman), med den amerikanske forfattaren Marianne Wiggins (1988-1993), Elizabeth West (1997-2004, fekk sonen Milan saman), og med den indisk-amerikanske fjernsynskokken Padma Lakshmi (2004-2007).

Salman Rushdie oppretta i 1994 Det Internasjonale Forfattarparlamentet (IPW), eit internasjonalt nettverk av fristader for forfølgde forfattarar. Dette vart sidan til eit nettverk av fribyar under ICORN (International cities of refuge network).

I 2007 vart Salman Rushdie slegen til riddar (Knight Commander) av den britiske dronninga.

UtgjevingarEndra

  • Grimus (1975)
  • Midnight's Children (1981)
  • Shame (1983)
  • The Jaguar Smile: A Nicaraguan Journey (1987)
  • The Satanic Verses (1988)
  • Haroun and the Sea of Stories (1990)
  • Imaginary Homelands: Essays and Criticism, 1981 - 1991 (1992)
  • Homeless by Choice (1992, med R. Jhabvala og V.S. Naipaul)
  • East, West (1994)
  • The Moor's Last Sigh (1995)
  • The Ground Beneath Her Feet (1999)
  • Fury (2001)
  • Step Across This Line: Collected Nonfiction 1992 - 2002 (2002)
  • Shalimar the Clown (2005)
  • The Enchantress of Florence (2008)
  • Best American Short Stories 2008 (2008, redaktør)
  • Luka and the Fire of Life (2010)
  • Joseph Anton: A Memoir (2012)
  • Two Years Eight Months and Twenty-Eight Nights (2015)

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra