Laksefamilien
Laksefamilien (Salmonidae) er ein familie beinfiskar som er utbreidd både i ferskvatn og saltvatn, hovudsakleg på den nordlege halvkula. Ein god del av artane er dessutan anadrome, det vil seie at dei gyter i ferskvatn men lever vaksenlivet sitt i havet. Mange av fiskane i gruppa er viktige både som mat- og sportsfisk.
Laksefamilien | |
Kanadarøye (Salvelinus namaycush) | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Actinopteri |
Infraklasse: | Ekte beinfiskar Teleostei |
Overorden: | Protacanthopterygii |
Orden: | Laksefiskar Salmoniformes |
Familie: | Laksefamilien Salmonidae Cuvier, 1816 |
Gruppa omfattar mange av dei viktigaste fiskeslaga i ferskvatn i Noreg. Artar som laks, aure, røye, sik, lågesild og harr høyrer alle til familien.
Kjenneteikn
endreArtane i familien vert rekna som relativt primitive beinfiskar, mellom anna sidan dei har bukfinnane langt bak og brystfinnane langt nede på kroppen. Fiskane i gruppa er stort sett spoleforma med ei viss grad av flattrykking frå sidene. Dei har feittfinnar mellom rygg- og halefinnane sine. Dette er eigentleg ikkje ekte finnar, men feittstrukturar som manglar finnestrålar og tener til å hindra danning av straumvirvlar og såleis hindra turbulens.
Dei største artane i familien kan oppnå lengder på 150 cm og ei vekt på godt over 50 kg.
Kjelder
endre- Jonsson, Bror: «Laksefisker» i Norges dyr, Cappelen 1992
- FishBase