Saltslette

(Omdirigert frå Saltpanne)

Ei saltslette eller saltpanne er eit uttørka innsjøbekken, som regel restane av ein endorheisk saltsjø.

Saltsletta til Lake Hart, ein endorheisk ørkeninnsjø i Sør-Australia.
Saltutvinning i Salar de Uyuni i Bolivia, den største saltsletta i verda.
Cono de Arita i Salar de Arizaro i Argentina. Saltslette med sandsteinskonus.

Skildring

endre

Saltsletter består av finkorna sediment fylt inn med alkalisalt. Overflata er som regel særs tørr, slett og hard om sommaren, men blir våt og særs mjuk om vinteren. Sølv om sjølve saltsletta er fri for all vegetasjon, så er dei vanlegvis omringa av eviggrøne busker og andre salt-tolerante planter, som sørgjer for kritisk vinterfôr for bufe og andre planteetarar.

Mange saltsletter har grunne sjøar deler av året eller heile året på deler av arealet, som oftast om vinteren og spesielt i nedbørsrike år. Om vasslaget er tynt og blir flytta rundt på sletta av vinden, så kan det danne seg ei eksepsjonelt hard og slett overflate om ho tørkar ut. Tjukkare vasslag kan medføre ei overflate som sprokken leire om ho tørkar ut. For lite vatn kan medføre danning av dyner.

Salar de Uyuni i Bolivia, som har eit areal på 10 582 km,[1] og ligg på altiplano nær Potosí i Bolivia, er den største saltsletta i verda, kring 25 ganger større enn Bonneville Salt Flats i Utah i USA.

Terminologi

endre

Saltsletter er kjent som playa i delar av Mexico og dei vestlege statane i USA. Det spanske ordet tydere direkte omsett «strand». På arabisk vart ei saltslette kalla sabkha (òg skrive sabkhah, av og til sebkha) eller shott.

Alternativ bruk

endre

Dei særs flate, jamne og harde overflatene på saltslettene gjer dei til ideelle overflater for motorkjøretøy. Store saltsletter er vidare høvande stader for å utfordre snøggleiksrekordar, sidan den jamne overflata tillet kjøretøy med låg bakkeklaring å kjøre svært fort utan å risikere å bli øydelagd på grunn av ujamt underlag, og dei store områda gjer at banen ikkje treng å vere alt for presis for å unngå hindringar. Saltslettene Bonneville Salt Flats i Utah og Black Rock Desert i Nevada har begge blitt brukt til å sette snøggleiksrekordar. Sistnemnde er òg heimstad for den årlege kunst- og musikkfestivalen Burning Man.

Sjå òg

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre