Salvador Dalí

(Omdirigert frå Salvador Dali)

Salvador Felipe Jacinto Dalí (11. mai 190423. januar 1989), best kjend som Salvador Dali, var ein kunstnar frå den spanske regionen Katalonia. Dalí er best kjend for dei surrealistiske måleria sine, men jobba også med andre medium, som skulptur og film. Han blei også vidkjend på grunn av den underlege veremåten sin.

Salvador Dalí

Pseudonym Dali, Salvador, Dalí Domènech, Salvador
Statsborgarskap Spania
Fødd 11. mai 1904, 21. mai 1904
Figueres
Død

23. januar 1989 (84 år)
Figueres

Yrke kunstmålar, bilethoggar, skribent, skodespelar, filmregissør, manusforfattar, fotograf, filmskodespelar, scenograf, illustratør, smykkedesigner, grafikar, holographer
Språk katalansk
Sjanger stilleben, sjangermåleri, portrett, landskapsmåleri, allegori, religiøs kunst
Medlem av Académie des beaux-arts, Académie royale des sciences, des lettres et des beaux-arts de Belgique
Far Salvador Dalí i Cusí
Mor Felipa Domènech i Ferrés
Ektefelle Gala Éluard Dalí
Signatur
Salvador Dalí på Commons
Salvador Dalí i 1939.

Salvador Dalí var fødd og voks opp i Figueres i spansk Katalonia, ikkje langt frå den franske grensa. I 1922 flytta han til Madrid for å studera ved kunstkulen Academia de San Fernando. I Madrid han møtte kunstnarane Luis Buñuel og Federico García Lorca, som han blei nær ven med. Allereie på denne tida fekk Dalí rykte på seg for å vera eksentrisk. Også måleria, der han eksperimenterte med kubisme, fekk stor merksemd frå medstudentane hans.

Dalí eksperimenterte også med dadaisme, noko som påverka arbeida hans gjennom heile livet. Dalí blei utvist frå skulen i 1926, rett før sin siste eksamen, etter at han uttalte at ingen ved skilen hadde nok kompetanse til å eksaminera han. Dette året drog han til Paris der han møtte Pablo Picasso. Han blei sterkt påverka av både Picasso og Joan Miró.

I 1929 hadde Dalí fleire store utstillingar, og blei offisielt ein del av surrealistrørsla.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Salvador Dalí