Sam Ryder

britisk songar og låtskrivar

Sam Ryder Robinson (fødd 25. juni 1989), betre kjend under artistnamnet Sam Ryder, er ein britisk songar og låtskrivar som har gjort stor suksess på det sosiale mediet TikTok. Han representerte Storbritannia i Eurovision Song Contest 2022 med låten «Space Man», der han enda på andreplass.

Sam Ryder

Fødd25. juni 1989 (35 år)
FødestadMaldon i Essex
OpphavStorbritannia
Aktiv2009–
Sjangerpop, alternativ musikk, rock, Puddelrock, hardrock, poprock, indiepop
Instrumentvokal, gitar
PlateselskapParlophone
Verka somsongar, låtskrivar, internettpersonlighet

Bakgrunn

endre

Ryder, fullt namn Sam Ryder Robinson, vart fødd i Essex i 1989. Som 20-åring, i 2009, byrja han i musikkbransjen som songar og gitarist. Blant anna jobba han som studiomusikar for grupper som The Morning After, Blessed by a Broken Heart og Close Your Eyes.[1]

Da koronapandemien starta for fullt i mars 2020, byrja Ryder å poste videoar på TikTok der han gjorde coverversjonar av forskjellige songar. Han vart raskt populær, og på slutten av 2020 var han den mest følgde britiske artisten på plattformen. Suksessen sikra han ein platekontrakt med Parlophone og avtale med managementbyrået TaP Music. Han slapp debut-EP-en sin The Sun's Gonna Rise i 2021. Per 2022 har han over 12 millionar følgjarar og 100 millioner likes på TikTok, noko som gjer han til den meste følgde britiske artisten på TikTok.[2]

Den 10. mars 2022 kunngjorde BBC at dei hadde vald Ryder til å representere Storbritannia i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.[3] Han deltok med låten «Space Man», som han hadde skrive saman med dei Grammy-vinnande låtskrivarane Amy Wadge og Max Wolfgang.[2] Han enda på andreplass i finalen, noko som var den beste plasseringa til Storbritannia i Eurovision Song Contest sidan 1998.[4]

Referansar

endre
  1. «TikTok star Sam Ryder is set to represent UK at Eurovision 2022». NME (på engelsk). 10. mars 2022. Henta 10. mars 2022. 
  2. 2,0 2,1 «Sam Ryder - United Kingdom - Turin 2022». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 10. mars 2022. 
  3. «Sam Ryder set to represent UK at Eurovision 2022 with SPACE MAN». BBC (på engelsk). 10. mars 2022. Henta 10. mars 2022. 
  4. «‘Cool is the enemy!’ Eurovision hero Sam Ryder on how he ditched his ego and found his joy». the Guardian (på engelsk). 19. mai 2022. Henta 19. mai 2022.