Opna hovudmenyen
Sandterne

Status i verda: LC Livskraftig

Sandterne ved Brisbane, Australia Foto: Glen Fergus
Sandterne ved Brisbane, Australia
Foto: Glen Fergus
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Charadriiformes
Familie: Laridae
Slekt: Gelochelidon
Art: G. nilotica
Namn på andre språk
  • Engelsk: Gull-billed Tern
  • Vitskapleg namn
    Gelochelidon nilotica

    Sandterne (Gelochelidon nilotica) tidlegare Sterna nilotica,[1] er ein sjøfugl i måsefamilien, Laridae. Ho er no klassifisert i sin eiga biologiske slekt. Slektsnamnet er frå gammalgresk Gelao, «å le», og khelidon, «svale». Den spesifikke namnedelen niloticus er frå latin og tyder «frå Nilen».[2] Utbreiingsområdet er tempererte og tropiske område på alle kontinent.

    SkildringEndra

    Sandterna er ei ganske stor og kraftig terne, i storleik og generellt i utsjånaden ikkje ulik splitterne, men det korte, tjukke måseliknande nebbet, breie venger, lange bein og robust kropp er karakteristisk for sandterna. I sommardrakta har vaksne grå overside, kvit underside og ei svart hette, kraftig svart nebb og svarte bein. Lætet er eit karakteristisk ker-wilk. Sandterna er 33-43 centimeter i kroppslengd og har vengespenn på 85 til 103 cm. Kroppsmassen varierer i området 130-320 gram, varierande med underart.[3] Om vinteren forsvinn hetta, men dei held på ein mørk flekk gjennom auget. Juvenile sandterner har ei svakare maske, men elles ser dei mykje ut som vaksne i vinterdrakt.

    Dette er ei noko atypisk terne, med utsjånad som ei Sterna-terne, men med levevis meir som sumpterner som svartterne og kvitvengsvartterne. Sandterner stupdukkar normalt ikkje etter fisk slik som dei andre kvite ternene, og har eit meir variert kosthald enn dei fleste andre terner. Det beitar i stor grad på insekt som dei snappar i flukt, og jaktar òg ofte over våte marker og sjølv i område med buskar, for å ta amfibium og små pattedyr, så vel som småfuglar og fugleungar og egg av andre terner.[4] Dette er òg ein opportunistisk jeger, kan til dømes beite på trafikkdrepne augestikkarar på vegen.[5]

    Sandterna hekkar i varmare delar av verda, inkludert Sør-Europa, temperert og austlege Asia, begge kystane av Nord-Amerika, nordlege Karibia,austlege Sør-Amerika og Australia. Denne fuglen har ei rekkje geografiske underartar, ulike hovudsakleg i storleik og med mindre skildnader i fjørdraktdetaljar. Denne arten hekkar i koloniar ved innsjøar, myrar og kystar. Reiret ligg i ei grunn senking i bakken og dei legg to til fem egg. Medan habitata ligg ved ferskvassområde i Eurasia, er dei forbunde nesten utelukkande med saltvatn i kystområda i Nord-Amerika.[4]

    Alle formar syner tendens til å spreie seg etter hekkesesongen, men dei nordlege hekkfeuglane er dei sterkaste trekkfuglar, dei overvintrar i Afrika, Karibia og nordlege Sør-Amerika, Sør-Asia og New Zealand.

    Eit estimat på den globale sandternebestanden er 150 000–320 000 individ.[3] Bestanden er trudd å vere minkande. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.[6]

    KjelderEndra

    Referansar
    1. Bridge, E.S.; Jones, A.W.; Baker, A.J. (2005). «A phylogenetic framework for the terns (Sternini) inferred from mtDNA sequences: implications for taxonomy and plumage evolution». Molecular Phylogenetics and Evolution 35: 459–469. PMID 15804415. doi:10.1016/j.ympev.2004.12.010. 
    2. Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 171, 272. ISBN 978-1-4081-2501-4. 
    3. 3,0 3,1 Gochfeld, M., Burger, J., Kirwan, G.M. & Garcia, E.F.J. (2016). Gull-billed Tern (Gelochelidon nilotica) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 2. november 2016
    4. 4,0 4,1 Gull-billed Tern. All About Birds. Cornell Lab of Ornithology.
    5. Sivakumar, S. (2004). «Gull-billed Tern Gelochelidon nilotica (Gmelin, 1789) feeding on insect road kills» (PDF). Newsletter for Ornithologists 1 (1–2): 18–19. 
    6. BirdLife International (2016) Species factsheet: Gelochelidon nilotica. Henta frå http://www.birdlife.org den 2. november 2016

    BakgrunnsstoffEndra

      Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sandterne