Santiago Cañizares

spansk fotballspelar

José Santiago Cañizares Ruiz fødd 18. desember 1969 er ein spansk tidlegare fotballspelar frå Madrid. Han var målvakt på Valencia CF frå 1998 til 2007, ein klubb som i 2004 sigra i UEFA-cupen.

Santiago Cañizares

Santiago Cañizares 24sept2006.jpg

Statsborgarskap Spania
Fødd 18. desember 1969 (51 år)
Madrid, Puertollano
Idrett fotball
Tok del i

Sommar-OL 1992, VM i fotball 2006, VM i fotball 1994, VM i fotball 1998, EM i fotball 2004, EM i fotball 1996, EM i fotball 2000

KlubbspelEndra

Cañizares gjorte teneste i Celta Vigo frå 1922 til -94. Dei neste fire åra var han Real Madrid-spelar, utan han makta spele seg til fast plass på førstelaget. I 1998 fekk han kontrakt med Valencia CF og vakta målet for laget fram til 2007. Med Valencia deltok han i to tapte meisterligafinalar, 2000 og 2001. Både i 2002 og 2004 var han med å sikre laget ligameister-tittelen i Spania. Våren 2004 vann han også UEFA-cupen då Valencia slo Olympique Marseille 2-0 i finalen i Göteborg.

LandslagsspelEndra

Cañizares var målvakt for Spania-laget som vann gull under Sommar-OL 1992 i Barcelona.

Cañizares spelte 44 landskampar for Spania over ein 13-årsperiode frå 1993 til 2006. I dei store meisterskapane var han oftast andreval, så han vakta målburet i berre fire kampar i dei store landslagsturneringane. I Fotball-VM 1994 deltok han i ein kamp, under EM 2000 i tre kampar. Det var i denne turneringa han missa på ei utrusing og Steffen Iversen nikka inn den einaste skåringa då Noreg vann 1–0 over Spania. Cañizares var benkeslitar i EM 1996, VM 1998, EM 2004 og VM 2006. På 1990-talet var Andoni Zubizarreta klart fyrsteval på målplassen, sidan fekk Iker Casillas same posisjon etter tusenårsskiftet.

KjelderEndra