Save Me
Singel av Queen
frå albumet The Game
B-side

«Let Me Entertain You (live)» «Sheer Heart Attack (live)» (USA, Japan, Australia and Canada)

Språk engelsk
Utgjeve 25. januar 1980
Innspelt 1979
Sjanger rock
Lengd 3:48
Selskap EMI, Elektra
Tekstforfattar Brian May
Låtskrivar(ar) Brian May
Produsent Queen og Reinhold Mack
Queen-kronologi 
«Crazy Little Thing Called Love»
(1979)
Save Me «Play the Game»
(1980)


«Save Me» er ein song av det britiske rockebandet Queen frå 1980 på albumet The Game. Han er skriven av gitaristen Brian May og vart spelt inn i 1979. Den 25. januar 1980 vart han gjeven ut på singel i Storbritannia, mesten seks månader før albumet kom ut. «Save Me» låg seks veker på UK Singles Chart og nådde 11. plassen.[1]

Songen vart spelt på konsertar frå 1979 til 1982[2][3][4][5] og vart spelt inn for konsertalbuma Queen Rock Montreal og Queen on Fire – Live at the Bowl.[6] Songen finst òg på Greatest Hits[7] og Queen Forever.

Historie endre

Brian May skreiv «Save Me» om slutten på eit forhold mellom kona og ein ven av ho, og spelte sjølv piano, synthesizer og gitar. På konsertversjonane byrja songen ofte med ein pianointro som ikkje finst på studioversjonen. Kerry Ellis spelte inn versjon sin av songen på debutalbumet Anthems. Ho har òg spelt songen live., fleire gonger med Brian May.

Musikkvideo endre

Videoen for songen vart filma i Alexandra Palace den 22. desember 1979 og regissert av Keith «Keef» MacMillan med animasjonar av ei kvinne og ei due.

I popkulturen endre

Medverkande endre

Lister endre

Land Plassering
Nederland 5
Noreg 7
Irland 8
Italia 10
Storbritannia 11
Tyskland 42
Japan 96

Kjelder endre

  1. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums. London: Guinness rekordbok Limited
  2. Queen live on tour: Crazy tour: Setlist Queen Concerts. Henta 5. juli 2011
  3. Queen live on tour: The Game (world): Setlist Queen Concerts. Henta 5. juli 2011
  4. Queen live on tour: Japan 1981: Setlist Queen Concerts. Henta 5. juli 2011
  5. Queen live on tour: Hot Space (world): Setlist Queen Concerts. Henta 5. juli 2011
  6. Queen Rock Montreal Allmusic. Henta 114. juni 2016
  7. Greatest Hits Ultimate Queen. Henta 114. juni 2016

Bakgrunnsstoff endre